Publisert 05.02.2025

Kraftsituasjonen veke 5, 2025

Mildare vêr og lågare forbruk

Sist veke bidrog mildt vêr til at kraftforbruket gjekk ned i store delar av Norden. Lågare vindkraftproduksjon, særleg i dei sørlege delane av Norden, medverka til at samla kraftproduksjon i Norden gjekk ned. Trass nedgangen i produksjon frå veka før, var produksjonen i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) høg nok til at Noreg noterte høgaste produksjon for veke 5 nokon gong. Produksjonen fall meir enn forbruket, slik at nettoeksporten frå Noreg og Norden gjekk ned.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veka vart 7 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4), 28 øre/kWh i Midt-Noreg (NO3), 74 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5) og høvesvis 91 og 93 øre/kWh i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Dette var lågare enn veka før i heile landet. Framleis høg magasinfylling i Midt- og Nord-Noreg medverka til at prisane her vart lågare enn i områda lenger sør. På tysdagen, då Norden hadde låg vindkraftproduksjon, auka prisane i Midt-Noreg til nivå med prisane i Sørlege Noreg på dagtid. Midt-Noreg hadde også litt høgare prisar på dagtid onsdag og torsdag, blant anna grunna lågare vindkraftproduksjon og aukande forbruk, men då heldt prisane seg under nivåa lenger sør.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no