Publisert 18.12.2024

Kraftsituasjonen veke 50, 2024

Mindre vindkraftproduksjon og timar med rekordhøge kraftprisar

I midten av førre veke var det periodar med særs lite vindkraftproduksjon i Danmark, Storbritannia og Tyskland. Dette, i kombinasjon med kaldare vêr og auka forbruk, bidrog til høgare kraftprisar i store delar av Nord-Europa samanlikna med veka før. Sørvest-Noreg (NO2) hadde fleire timar med pris over 200 øre/kWh på vekedagane, og på ettermiddagen torsdag 12. desember var prisen 1053 øre/kWh på det høgaste. Aldri før har prisen vore så høg i Sørvest-Noreg. Samstundes var kraftprisen 1097 øre/kWh i Danmark og Tyskland. Tilnærma ingen vindkraftproduksjon nord på kontinentet bidrog til at termiske kraftverk i Nord-Europa med høg driftskostnad måtte produsere for å dekke delar av etterspurnaden i denne perioden. Sørvest-Noreg hadde ikkje nok tilgjengeleg produksjonskapasitet til å både dekket eiga forbruk i tillegg til etterspurnaden i områda rundt. Det vart derfor ikkje flaskehals mot kontinentet, og Sørvest-Noreg fekk tilnærma lik pris som blant anna Tyskland.

Det var eksport frå Sørvest-Noreg til Søraust-Noreg (NO1), som hadde mykje lågare kraftpris, i denne perioden. Dette var for å få krafta videre til Sverige og sørover til kontinentet som hadde dei høgaste kraftprisane. Kraftprisen vart betrakteleg lågare i helga og vekesprisen i Sørvest-Noreg enda på 158 øre/kWh. I Søraust- og Vest-Noreg (NO5) var vekeprisen høvesvis 126 og 83 øre/kWh. Grunna flaskehalsar i nettet vart ikkje prisen i Nord-Noreg (NO4) påverka av situasjonen i Nord-Europa og vekeprisen her enda på 10 øre/kWh.

Merknad: På grunn av juleferie blir neste kraftsituasjonsrapport publisert onsdag 8. januar 2025. Magasinstatistikken for veke 51 blir publisert onsdag 25. desember 2024 kl.13, medan magasinstatistikken for veke 52 blir publisert torsdag 2. januar 2025 kl. 13.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no