Publisert 08.01.2025

Kraftsituasjonen veke 51 og 52, 2024

Mildt vêr og lågare kraftprisar

Dei siste to vekene av 2024 var prega av mildt vêr, lågt forbruk og høgare tilsig enn normalt for årstida. Det høge tilsiget bidrog til framleis høg kraftproduksjon  i store delar av landet utan at magasinfyllinga gjekk mykje ned.

 Det var ein reduksjon i kraftprisane i Noreg samanlikna med veke 50. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda  vekesprisene mellom 29 og 33 øre/kWh i veke 51, og mellom 33 og 41 øre/kWh i veke 52. Nord på kontinentet var prisane høgare enn i Norden, blant anna grunna periodar med låg vindkraftproduksjon. Det gav nettoeksport frå Noreg og Norden både i veke 51 og 52. Kraftprisane var framleis lågare i dei nordlege prisområda enn i sør. I Midt-Noreg var kraftprisen høvesvis 15 og 9 øre/kWh i veke 51 og 52, medan den var 10 og 5 øre/kWh i Nord-Noreg i dei to siste vekene av året.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 2024

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no