Publisert 12.02.2025

Kraftsituasjonen veke 6, 2025

Meir vindkraft og lågare prisar i nord

Det var framleis mildt vêr i Noreg og kraftforbruket heldt seg tilnærma uendra frå veka før. Saman med høgare vindkraftproduksjon, bidrog dette til lågare vasskraftproduksjon i store delar av Noreg. Vindkraftproduksjonen auka mest i nordlege delar av Norden, noko som bidrog til nedgang i vekeprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Her enda vekeprisane på høvesvis 15 og 6 øre/kWh.

Svingingar i vindkraftproduksjonen bidrog til prisvariasjonar gjennom veka sør i Norden og nord på kontinentet. På måndagen då det var lite vind og høgt forbruk i sørlege Noreg, fekk Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) like prisar som på kontinentet store delar av dagen. På det høgaste var timeprisen på høvesvis 292 og 263 øre/kWh. Prisområda sør i Noreg, (NO1, NO2 og NO5), enda opp med vekeprisar på høvesvis 94, 96 og 75 øre/kWh. Dette var på nivå med veka før.

Nettoeksporten frå sørlege Noreg har dei siste vekene vore på eit høgt nivå for årstida. Lite vind og høge kraftprisar nord på kontinentet er blant årsakene til dette.

Søndag synkroniserte dei baltiske landa sitt eige kraftsystem med kraftsystemet til kontinental-Europa. Samtidig braut dei synkroniseringa med det russiske kraftsystemet. Dette gjer at Baltikum no er tettare tilknytte kontinentets kraftsystem enn tidlegare.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no