Kraftsituasjonen veke 7, 2025
Høgare forbruk og lågare vindkraftproduksjon bidrog til høgare kraftprisar
Kraftprisane auka i Norden førre veke. Kaldt vêr, høgare forbruk i Norden og lågare vindkraftproduksjon i Nord-Europa er viktige faktorar bak prisauken. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka vekeprisen med 30-55 prosent frå veka før, til 117-127 øre/kWh. Frå onsdagen og ut veka var det låg vindkraftproduksjon nord på kontinentet og høg eksport frå Sørvest-Noreg (NO2). Saman med høgare forbruk bidrog dette til historisk høg vekeproduksjon i Sørvest-Noreg. Førebels tal visar at produksjonen vart 1 519 GWh. Sist gang Sørvest-Noreg hadde produksjon over 1 500 GWh over ei veke var i 2021.
I Midt-Noreg (NO3) vart vekesprisen nesten femdobla, frå 15 til 74 øre/kWh. Kaldare vêr og auka forbruk, saman med ein betydeleg reduksjon i vindkraftproduksjonen, bidrog til at prisen oftare var på nivå med prisen i sørlege Noreg. Vekesprisen i Nord-Noreg (NO4) vart 12 øre/kWh. Sjølv om dette er ein dobling frå veka før, er det framleis lågast i Norden og Nord-Europa.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.