Kraftsituasjonen veke 8, 2020
Noreg hadde dei lågaste kraftprisane i Norden
Mildt vêr og mykje nedbør bidrog til ytterlegare reduserte kraftprisar i heile Norden i veka som gjekk. Med ein snittpris på like under 10 øre/kWh endte Noreg opp med dei lågaste kraftprisane i Norden.
Dei nordiske terminkontraktane for kraft vart ytterlegare redusert førre veke, og låg på under halvparten av nivået på starten av året.