Kraftsituasjonen veke 8, 2024
Mildt vêr og lågare kraftprisar
Mildt vêr bidrog til lågt forbruk i Norden førre veke. I veke 8 var det også vinterferie enkelte stader. Kraftproduksjonen totalt sett gjekk noko ned samanlikna med veka før, trass i at vindkraftproduksjonen auka. Nedgangen kan difor forklarast med redusert regulerbar kraftproduksjon. For veka samla hadde Norden nettoeksport av kraft.
Prisane gjekk ned eller heldt seg uendra samanlikna med veka før i heile Norden. Veka starta med låg vindkraftproduksjon, og prisar på same nivå både i Norden og nord på kontinentet. Seinare i veka auka vindkraftproduksjonen i Norden, og prisane gjekk ned. Unntaket var sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), der prisane heldt seg på omtrent same nivå. Her enda vekeprisen på 62 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda vekeprisane på høvesvis 43 og 40 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2024.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.