Kraftsituasjonen veke 8, 2025
Meir vind- og solkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar
I starten av førre veke var kraftprisane i Noreg framleis på eit høgt nivå slik som veka før. Da var det kaldt vêr og lite vindkraftproduksjon. Dette bidrog til at sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i fleire timar var tett på kraftprisane på kontinentet. Utover veka ble det mildare vêr, lågare forbruk og en auke i vind- og solkraftproduksjon i både Norden og på kontinentet. Dette førte til lågare kraftprisar. Sjølv om solkraft framleis ligg på eit lågt nivå samanlikna med sommarhalvåret, var det ein markant auke i blant anna Tyskland førre veke. Dette bidrog til lågare kraftprisar særleg midt på dagen da solkrafta var på sitt høgaste.
Vekeprisane for sørlege Noreg enda opp på 82-94 øre/kWh. Til samanlikning var kraftprisane i til dømes Tyskland og Danmark (DK1) på høvesvis 124 og 111 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda kraftprisane opp på høvesvis 28 og 9 øre/kWh.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.