Kraftsituasjonen veke 9, 2025
Redusert forbruk og mildare vêr bidrog til lågare kraftprisar i Noreg
I veke 9 gjekk kraftprisane ned i Noreg, Sverige og Finland. Lågare forbruk, blant anna grunna mildare vêr, er ei viktig årsak bak prisnedgangen. Produksjonen i Noreg gjekk også ned, men ikkje like mykje som forbruket. Dermed auka nettoeksporten. Mellom tysdag og laurdag var det lite vindkraftproduksjon sør i Norden. Det medverka til høgare etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon. I periodar hadde ikkje sørlege Noreg nok produksjonskapasitet til å dekke eige forbruk og full eksport til områda rundt. I desse timane var priane i sørlege Noreg på nivå med prisane nord på kontinentet. Vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda på 52-65 øre/kWh, medan vekeprisane i Tyskland og Danmark (DK1) var høvesvis 140 og 128 øre/kWh.
No startar vedlikehaldssesongen for kjernekraftverk. 1. mars gjekk Olkiluoto 3 i Finland ut til årleg vedlikehald. I tillegg var det redusert kapasitet på nokon andre reaktorar. Frå 1. mars var det over 2000MW ute, noko som utgjer vel 20 % av kjernekraftkapasiteten i Norden.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.