Breane i Noreg vert tynnare og brefrontane fortset å smelte tilbake i 2023
NVE sine bremålingar i 2023 viser at 33 av 36 målte brefrontar har smelta tilbake, og at alle 10 breane med massebalansemålingar hadde masseunderskot
Den størst tilbakegangen i år hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna (-92 meter), Bøverbrean i Jotunheimen (-82 meter), og Engabreen i Nordland (-78 meter). Dei 36 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 27 meter i år. I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear mindre snø enn normalt, medan breane li Jotunheimen fekk meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var stor på alle breane i Sør-Noreg. Resultatet for 2023 vart derfor underskot for alle dei målte breane, og truleg også for alle brear i Sør-Noreg. I Nord-Noreg fekk dei fleste breane om lag normalt med snø. Men bresmeltinga gjennom sommaren var langt over det normale slik at resultatet for 2023 truleg vart underskot for dei aller fleste breane.
Negativ massebalanse i lengre tid
Alle breane som vi måler massebalansen på har hatt negativ massebalanse sidan år 2000. Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 23 åra har 27 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 422 meter. Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.
I Sogn og Fjordane har ti brear i gjennomsnitt trekt seg tilbake 29 meter i år og 226 meter dei siste 10 åra. Fronten til Nigardsbreen smelta tilbake 40 meter i år, og har trekt seg tilbake 461 meter på 10 åra. I Hurrungane i Vest-Jotunheimen har Styggedalsbreen smelta tilbake 30 meter i år og 164 meter dei siste 10 åra. Ålfotbreen i Ytre Nordfjord fekk mykje mindre snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga var større enn normalt. Breen fekk dermed eit svært stort underskot i år. For Ålfotbreen er dette det tredje største underskotet sidan målingane starta i 1963. Massebalansemålingane på Nigardsbreen i Indre Sogn viste eit lite underskot i år. Der kom det om lag normalt med snø i vinter, medan sommarsmeltinga var større enn normalt. Massebalansemålingane har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 25 meter tynnare sidan år 2000, medan Nigardsbreen har minka med om lag 5 meter. Den store forskjellen mellom disse breane skuldast hovudsakleg at Nigardsbreen ligg mykje høgare over havet enn Ålfotbreen.
I Hordaland har åtte målte brefrontar i snitt gått 14 meter tilbake i år. Størst tilbakegang hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna med 92 meter tilbake i år og 262 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen fekk mindre snø enn normalt i vinter, medan smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Massebalansemålingane viste dermed at breen har hatt eit stort underskot i år. Sidan år 2000 har breen hatt eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte 15 meter tynnare, og fronten til Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 443 meter i løpet av disse 23 åra.
I Innlandet har ni målte brear i gjennomsnitt smelta tilbake 29 meter i år. Dei siste 10 åra har disse breane trekt seg tilbake i gjennomsnitt 173 meter. Størst tilbakegang hadde Bøverbrean på Sognefjellet i Lom med 82 meter i år og 245 meter siste 10 år. Hellstugubreen i Jotunheimen fekk meir enn normalt med snø i vinter medan smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Dermed vart massebalansen negativ også i år. Sidan år 2000 har Hellstugubreen hatt eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 22 meter tynnare. Hellstugubreen smelta tilbake 18 meter i år, og fronten har trekt seg tilbake 248 meter dei siste 23 åra.
I Nordland har fem brear i gjennomsnitt smelta tilbake 23 meter i år. Dei siste 10 åra har dei fem brefrontane trekt seg tilbake 226 meter i gjennomsnitt. Medan fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 78 meter i år, har to brearmar frå Okstindbreen i Hemnes endra seg lite det siste året. Engabreen fekk omlag normalt med snø i vinter, men smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Massebalansemålingane på breen viste dermed at breen fekk eit stort underskot i år. Sidan år 2000 har Engabreen hatt eit masseunderskot tilsvarande 8 meter is jamt fordelt over heile breen. Fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 764 meter i løpet av disse 23 åra.
I Troms og Finnmark har fire målte brear i gjennomsnitt smelta tilbake 36 meter i år. Den største tilbakegangen hadde Langfjordjøkelen i Loppa med 66 meter i år og 360 meter i løpet av 10 år. Langfjordjøkelen i Loppa fekk meir snø enn normalt i vinter, men smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Dermed fekk breen eit stort masseunderskot i år. Sidan år 2000 har Langfjordjøkelen hatt eit masseunderskot tilsvarande 29 meter is jamt fordelt over heile breen. Fronten til Langfjordjøkelen har trekt seg tilbake 736 meter tilbake i løpet av disse 23 åra.
Nokre foreløbige resultat av massebalansemålingar i 2023, og
gjennomsnitt for perioda 2001-2022 (22 år).
m v.e. står for meter vassekvivalentar.
Bre |
Massebalanse |
Massebalanse |
Ålfotbreen |
-2,5 |
-0,91 |
Nigardsbreen |
-0,4 |
-0,20 |
Rembesdalskåka |
-1,0 |
-0,58 |
Hellstugubreen |
-1,0 |
-0,87 |
Engabreen |
-1,1 |
-0,28 |
Langfjordjøkelen |
-1,7 |
-1,12 |
Resultat av brefrontmålingar i 2023, og endring sidan 2013 (10 år) og sidan 2000 (23 år).
Bre | Kommune | Endring 2022-23 (meter) |
Kommentar | Endring 2013-23 (meter) |
Endring 2000-23 (meter) |
Langfjordjøkelen | Loppa | -66 | -360 | -736 | |
Koppangsbreen | Lyngen | -5 | -141 | -367 | |
Sydbreen | Lyngen | -11 | -119 | -228 | |
Steindalsbreen | Storfjord | -61 | -314 | -536 | |
Storsteinsfjellbreen | Narvik | -10 | -107 | -323 | |
Rundvassbreen | Sørfold | -22 | -236 | -447 | |
Engabreen | Meløy | -78 | -456 | -764 | |
Austre Okstindbreen | Hemnes | -5 | -285 | ||
Corneliussenbreen | Hemnes | 1 | To år | -46 | |
Vinnufonna | Sunndal | -19 | To år | ||
Trollkyrkjebreen | Fjord | 3 | -109 | ||
Fåbergstølsbreen | Luster | -18 | -157 | -434 | |
Nigardsbreen | Luster | -40 | -461 | -663 | |
Haugabreen | Sunnfjord | -21 | -145 | ||
Tuftebreen | Luster | -19 | -242 | ||
Austerdalsbreen | Luster | -10 | -467 | -586 | |
Vetle Supphellebreen | Sogndal | -73 | To år | -114 | |
Mårådalsbreen | Skjåk | -27 | -148 | ||
Stigaholtbreen | Luster | -7 | -137 | -324 | |
Styggebrean | Lom | -10 | -108 | ||
Storjuvbrean | Lom | -31 | -286 | -344 | |
Storbrean | Lom | -15 | -127 | -223 | |
Leirbrean | Lom | -33 | -264 | -365 | |
Bøverbrean | Lom | -82 | -245 | -323 | |
Styggedalsbreen | Luster | -30 | -164 | -278 | |
Mjølkedalsbreen | Lom | -52 | -187 | -401 | |
Koldedalsbreen | Lom | -1 | -64 | -439 | |
Hellstugubrean | Lom | -8 | -126 | -248 | |
Midtdalsbreen | Ulvik | -37 | -140 | -304 | |
Rembesdalskåka | Eidfjord | -9 | -111 | -443 | |
Botnabrea | Kvinnherad | -58 | -273 | -349 | |
Gråfjellsbrea | Kvinnherad | -9 | -608 | -1046 | |
Buerbreen | Ullensvang | -16 | -183 | -440 | |
Bondhusbrea | Kvinnherad | -92 | -262 | -563 | |
Svelgjabreen | Etne | -4 | -47 | -60 | |
Blomstølskardsbreen | Etne | -25 | -142 | -158 |