Publisert 09.02.2023 , sist oppdatert 25.08.2023

Grunnvatn

NVE har myndigheit til å gje konsesjon til uttak av grunnvatn og andre tiltak som kan påverke grunnvatnet. Alle skal opptre med aktsemd for å unngå at grunnvatn blir negativt påverka.

Kva er grunnvatn og grunnvasstiltak?

Grunnvasstiltak er for eksempel etablering av brønnar, uttak av grunnvatn og annen påverknad på grunnvatnet som etablering av grunnvarmeanlegg, lekkasje i tunnelar, store uttak av lausmasser eller fjell, vegskjeringar og tiltak som hindrar nydanning av grunnvatn. Vassressurslova gjeld for alle grunnvasstiltak. Reglane om grunnvatn finner du i kap. 8  i vassressurslova.

Du må opptre med aktsemd

Ved boring etter vatn og andre grunnvasstiltak skal ein opptre med aktsemd for å unngå at grunnvatn blir påverka til skade eller ulempe for ålmenne eller private interesser (vrl §§ 46 og 43a). Tiltak som påverkar grunnvatn må planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og ulempe for almenne og private interesser.

Brot på plikta til aktsemd kan føre til erstatningsansvar.

Brønnboring er meldepliktig til NGU

Brønnboring, uansett formål med boringa, skal meldast til Norges geologiske undersøkelser (NGU). Det er utarbeidd eiga forskrift om oppgåveplikt ved brønnboring og grunnvassundersøkingar (FOR-1996-11-19-1066). For meir informasjon, sjå NGU si heimeside.

Meldeplikt for uttak av grunnvatn

Uttak av grunnvatn som overstig 100 m3/døgn må meldast til NVE. Meldeplikta gjelder uansett formål med vassuttaket, så lenge vatnet ikkje skal infiltrerast attende til grunnen i same grunnvassmagasin. Meldeplikta gjelder også dersom fleire grunnvassuttak det er naturleg å sjå i samanheng til saman overstig 100 m3/døgn.

Uttak av grunnvatn, uansett formål med uttaket, skal avgrensast til det grunnvassmagasinet toler. Det er mellom anna forbode å ta ut meir grunnvatn frå grunnvassmagasin enn det som blir tilført gjennom nydanning av grunnvatn.

Grunneigaren kan ta ut vatn til hushald og husdyr (vrl § 15): Det er ikkje tillèt å ta ut så mykje at restvassføringa i nærliggande vassdrag blir mindre enn den alminnelege lågvassføringa. Da er grunnvassuttaket konsesjonspliktig (vrl § 10). Det er heller ikkje lov å ta ut meir enn det grunnvassmagasinet toler.

Du må ha konsesjon etter vassressurslova dersom grunnvasstiltaket du planleggar kan vere til nemneverdig skade eller ulempe  for nokon allmenne interesser. Grunnvasstiltak er også konsesjonspliktig dersom dei påverkar restvassføringa i nærliggande vassdrag, sjå annan nettside om vassuttak frå vassdrag/vassdragtiltak.

NVE har myndigheit til å gje løyve til uttak av grunnvatn og andre tiltak som kan påverke grunnvatnet. Eksempel på tiltak som normalt vil vere konsesjonspliktig er uttak til vasskrevjande industri, turistanlegg, offentleg vassforsyning og settefiskanlegg.

Dersom du er usikker på om grunnvasstiltaket som planleggast treng konsesjonsbehandling, kan du be NVE om ei vurdering. Da må du sende inn ei melding til NVE, sjå "mal for melding om tiltak i grunnvatn".

Søknad og melding

Det er utarbeidd ein mal for søknad om konsesjon til uttak av grunnvatn. For melding om eller konsesjonspliktvurdering av grunnvasstiltak kan malen for melding om grunnvassuttak nyttast. Dersom søknaden gjeld uttak av grunnvatn til  akvakultur, finns det eigen mal for dette. Innhaldet i søknaden må i slike tilfelle tilpassast begge malane.