Publisert 09.02.2023 , sist oppdatert 25.08.2023

Konsesjon til vassdragstiltak

Når du søkjer om konsesjon etter vassressurslova vurderer NVE fordelane og ulempene ved tiltaket opp mot kvarandre. Dersom fordelane er større enn ulemper for allmenne og private interesser kan tiltaket få konsesjon etter vassressurslova.

Kva er ein konsesjon?

Ein konsesjon er det same som eit løyve eller ein rett til å nytte ein felles ressurs. Den gjev ein konsesjonær (innehavar av ein konsesjon) rettigheiter og plikter.

Kva inneber ei konsesjonsbehandling?

Gjennom ei konsesjonsbehandling vurderer NVE kva verknadar eit grunnvass- eller vassdragstiltak kan få for allmenne interesser. Dersom fordelane ved tiltaket er større enn ulemper for allmenne og private interesser, kan NVE gje løyve til grunnvass- eller vassdragstiltak med tilhøyrande vilkår. I ein konsesjon kan NVE mellom anna stille krav om avbøtande tiltak, eller krevje alternative løysingar for korleis tiltak skal uførast. Vi kan stille vilkår til avbøtande tiltak i både anleggsfasen og driftsfasen.

Krav til  innhaldet i ein søknad og kor omfattande saksbehandling som er naudsynt varierer avhengig av kva tiltak det gjeld, og storleiken på tiltaket. Du finn meir informasjon om ulike vassdrags- og grunnvasstiltak her

Treng tiltaket du planlegg konsesjon?

Dersom du er usikker på om vassdragstiltaket eller grunnvasstiltaket du planlegg treng konsesjonsbehandling etter vassressurslova kan du be NVE vurdere konsesjonsplikt.

Forholdet til private interesser

Ei konsesjonsbehandling avklarar ikkje privatrettslege forhold. Det privatrettslege bør vere avklart før du sender inn ein konsesjonssøknad til NVE. Dersom det er naudsynt å ekspropriere rettigheiter rår vi til at du søkjer om dette samtidig som du søkjer om konsesjon etter vassressurslova. For meir i informasjon sjå: NVE veileder 1/2021

  • Tiltak som alltid er konsesjonspliktige

    • Vassuttak eller bortleiing av vatn i elvar og bekkar med årsikker vassføring som fører til at vassføringa kjem i konflikt med kravet om at alminneleg lågvassføring skal vere tilbake i vassdraget (vrl § 10). Dette gjelder også for grunnvasstiltak som påverkar kravet om å oppretthalde alminneleg lågvassføring i vassdrag.
    • Nedlegging av vassdagsanlegg der ikkje heile vassdragsanlegget skal fjernast (vrl § 41, tredje ledd)

    For verna vassdrag er i tillegg desse tiltaka alltid konsesjonspliktige:

    •  Å ta i bruk eksisterande anlegg i verna vassdrag til nye formål (vrl § 35 nr. 1)
    • Endring i igangverande verksemd innanfor eksisterande konsesjon i verna vassdrag dersom det vil påverke verneverdiane. (vrl § 35 nr. 2). n
    • Gjenopptaking av verksemd i verna vassdrag som har vært innstilt i minst 5 år (vrl § 35 nr. 2.).
    • Alle planar om kraftutbygging i verna vassdrag (§ 34).
    • Gjenoppretting i vassdrag som er unntatt frå konsesjonsplikt (§ 12) skal meldast til NVE dersom gjenopprettinga kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for nokre allmenne interesser.
    • Vassdragstiltak som i utgangspunktet fell inn under konsesjonsplikta i § 8 første ledd, men som må setjast i verk straks for å hindre vesentleg skade (§ 8 tredje ledd).
    • Uttak av grunnvann over 100 m3 /døgn (§ 45 tredje ledd).
    • Uttak av grunnvann over 100 m3 /døgn (§ 45 tredje ledd).

       

  • Tiltak som kan gjennomførast utan konsesjon:

    Det er dei negative verknadane av eit vassdrags- eller grunnvasstiltak ovanfor allmenne interesser som vil vere avgjerande for om tiltaket er konsesjonspliktig. Dette må NVE vanlegvis vurdere i kvart enkelt tilfelle. 

    Dette kan du gjere utan konsesjon etter vassressurslova (vrl):

    • Gjenoppretting av vassdraget sitt løp når vassdraget har tatt seg nytt løp, blitt oppgrunna eller djupare, når gjenopprettinga skjer
      - innan tre år viss endringa skuldast ei enkeltståande hending (§ 12 første ledd bokstav a) eller
      - ved opprenskning eller påfyll av masse inntil den djupn eller breidde som vassdraget hadde for 5 år sidan (§ 12 første ledd bokstav b). Regelen gjeld ikkje tiltak i verna vassdrag (§ 35 nr. 3).
    • Opprensking av grøfter i jordbruk og skogbruk dersom dette skjer i samsvar med forskrifter heimla i skoglova eller jordlova (§ 12 fjerde ledd). Regelen gjeld ikkje ved tiltak i verna vassdrag (§ 35 nr. 3).
    • Grunneigar sitt vassuttak til hushaldning og husdyr på eigedommen, så langt uttaket ikkje er i strid med § 5 (forvaltaransvar og aktsomheitsplikt) og § 10 (minstevassføring), jf. § 15. I verna vassdrag kan det fastsettast ei grense for det samla vassuttaket (§ 35 nr. 7).
    •  Grunneigar sitt uttak av grunnvatn til hushaldning og husdyr på eigedommen (§ 45 første ledd). Vassuttaket må ikkje vere til nevneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser. Reglane i §§ 5, 10, 15, 43a og 44 gjeld for slike grunnvassuttak.
    • allmennhetens vannuttak uten grøfting eller bruk av fast ledning eller motorkraft (§ 16).
    • Allmennta sitt vassuttak utan grøfting eller bruk av fast leidning eller motorkraft (§ 16).
    • Gjenoppføring av vassdragsanlegg med konsesjon, dersom arbeidet startar innan 5 år frå anlegget vart funksjonsudyktig og fullførast med rimeleg hurtigheit (§ 21).

Søknad om tiltak etter vassressurslova

Det er utarbeidd eit elektronisk skjema i Altinn for søknad om konsesjon, og NVE ser helst at dette vert nytta for å få ei enklare sakshandsaming. Skjemaet krev pålogging til Altinn og påbegynte skjema kan finnast igjen på eiga side etter pålogging.

Som vedlegg til meldinga skal det lastast opp søknad med vedlegg. Det er utarbeidd eigne malar for kvar sakstype. Vi tilrår at vedlegga er klare for å lastas opp når søknaden skal sendast inn. Vedlegg kan lastast opp i Word, Open Office eller PDF-format.

Fremgangsmåte for søknad om konsesjon etter vannressursloven:

  1. Last ned mal. Ikkje alle typer tiltak har ein eigen mal, velg den som gir deg best grunnlag for å beskrive ditt tiltak.
  2. Les rettleiinga i malen og rettleiar 1/2021.
  3. Malen inneheld krav til søknad om konsesjon. Bruk tid på å utarbeide ein god søknad. Det kan være behov for kartleggingar, undersøkingar eller fagleg bistand frå konsulenter el. for å svare ut krava.
  4. Send inn elektronisk skjema og søknad med vedlegg,  eller send søknaden som vedlegg på epost til nve@nve.no. Vi rår til at alle vedlegg er klare for opplasting når skjemaet vert sendt inn.
  • Søknad vert sendt til NVE som kvalitetssikrar søknaden.
  • NVE kunngjer søknaden og sender den på høyring etter NVE si høyringsliste. Søknaden vert lagt ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.
  • Innkomne høyringsuttalar vert sendt til søkjar for ev. kommentarar.
  • Sluttsynfaring der tiltakshavar, NVE og alle som har gitt uttale i saka vert invitert til å delta.
  • NVE fattar vedtak i saka. Vi har som mål å fatte vedtak innan 6-12 mnd. etter høyring. Ved ev. klage er OED klageinstans. NVE sitt miljøtilsyn følger opp tiltaket ved detaljplan, bygging og drift.
  • Godkjenning av detaljplan for miljø og landskap, NVE.
  • Klassifisering av dam.
  • Andre myndigheter.