Publisert 09.02.2023 , sist oppdatert 25.08.2023

Vannuttak og fysiske inngrep i vassdrag

Eit vassdragstiltak kan vere vassuttak til alle føremål, uttak av grunnvatn og fysiske inngrep i eller nær vasstrengen

 

Kva er eit vassdragstiltak?

Tiltak i vassdraget kan vere vassuttak til alle føremål (til dømes snøproduksjon, jordvatning, akvakultur, industri, drikkevatn), uttak av grunnvatn, men og fysiske inngrep i eller nær vasstrengen, bygging av dammar, overføringar, kraftverk, nedlegging av gamle tiltak og mellombelse tiltak. Slike tiltak kan vere konsesjonspliktige. Et kriterium for at tiltak både i og utanfor vassdrag er konsesjonspliktig, er at tiltaket kan påverke allmenne interesser i sjølve vassdraget.

Vassressurslova er den generelle lova om vassdrag og grunnvatn. Den som skal iverksette tiltak som påverkar vassdrag eller grunnvatn, må forholda seg til bestemmingar i vassressurslova og forskrifter gitt i medhald av lova.  Den inneheld mellom anna reglar om eigedomsrettslege forhold, forvaltaransvar, aktsamheitsplikt, konsesjonsplikt, erstatning ved skade og tilsyn med tiltak i vassdrag. 

Planlegge vassdragstiltak

Vassdragstiltak skal planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og ulempe for allmenne og private interesser. Vassdragstiltak skal òg fylle alle krav som det er rimeleg å stille mot fare for menneske, miljø eller eigedom. Ved inngrep i vassdraga våre må vi ta omsyn til dei naturlege prosessane og den verdien vassdraget har for miljøet og andre allmenne interesser. Dei ulike lovene som gjeld inngrep i og langs vassdrag skal sikre dette. Desse lovene er vassressurslova og vassdragsreguleringslova. Anna lovverk kan og vere aktuelt. Nedenfor finn du meir informasjon om uttak av vatn til ulike føremål og fysiske inngrep i vassdrag.

Søknad til NVE

Vassdragstiltak som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser i vassdraget, må ha konsesjon. Dersom det ikkje er sikkert om tiltaket treng konsesjon, kan tiltakshavar be NVE vurdere konsesjonsplikt (melding). Det er egne sider med informasjon om vannuttak, vannkraft, grunnvann, akvakultur, nedlegging av vassdragsanlegg og midlertidige tillatelser. Søknadsmaler finner du på sidene om konsesjon eller konsesjonspliktvurdering.