Ny rettleiar for utbyggarar av vindkraftanlegg
Rettleiaren skal gjere det enklare å utarbeide detaljplan og miljø,- transport- og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk.
I Rettleiar for utarbeiding av detaljplan og miljø,- transport-, og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk finn ein skisse til ein struktur som det er ønskjeleg at konsesjonærane brukar når dei utarbeidar planar. Ein finn og omtale av dei forholda som må vurderast og skildrast i planane.
Målgruppa for rettleiaren er primært tiltakshavarar og konsulentar som utfører planleggings- og utgreiingsarbeid knytt til vilkåret om MTA og detaljplan for vindkraftverk. Rettleiaren vil også gje nyttig informasjon til andre som på ein eller annan måte er involverte i planleggingsarbeidet av eit vindkraftverk.
Rettleiar for utarbeiding av detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk. (PDF)