Publisert 15.08.2013 , sist oppdatert 15.06.2021

Årsrapport om elsertifikatmarknaden i Noreg og Sverige

I litt meir enn halvanna år har Noreg og Sverige hatt ein felles marknad for elsertifikat. Vil du vite meir om korleis marknaden fungerer og kva som har hendt det siste året?  No kan du laste ned eller bestille den første årsrapporten om elsertifikatmarknaden.

I årsrapporten, som er utarbeidd i samarbeid med Energimyndigheten (Sverige), vert dei viktigaste hendingane og nykeltala for den felles elsertifikatmarknaden i 2012 presentert.

Normalårproduksjon på 3,2 TWh

Det blei sett i drift og godkjent kraftverk i det norsk-svenske elsertifikatmarknaden med ein normalårproduksjon på 3,2 TWh i 2012. Av den forventa produksjonen blei 2,8 TWh i bygd i Sverige, medan 0,4 TWh blei bygd i Noreg. Kraftprodusentar i dei to landa blei til saman tildelt totalt 21,6 millionar elsertifikat. 

 

Nykeltal for 2012*

Noreg

Sverige

Tildelte elsertifikat [millionar elsertifikat]

0,2

21,4

Tildelte elsertifikat til kraftverk som ikkje inngår i det felles målet for ordninga med elsertifikat [millionar elsertifikat]

0,04

0,74

Tildelte elsertifikat til kraftverk som inngår i det felles målet for ordninga med elsertifikat [millionar elsertifikat]

0,16

20,7

Normalårsproduksjon for kraftverk som inngår i det felles målet for ordninga med elsertifikat [TWh]

0,4

2,8

Annullerte elsertifikat [millionar elsertifikat]

2,4

16,3

Annulleringsprosent

99,97

99,95

* 1 MWh = 1 elsertifikat

Om den felles sertifikatmarknaden

Sidan 1. januar 2012 har Sverige og Noreg hatt ein felles elsertifikatmarknad. Det betyr at handel med elsertifikat kan skje på tvers av landa.

Målet for ein felles marknad, er å auke den fornybare kraftproduksjonen med totalt 26,4 TWh til saman i begge landa frå år 2012 til år 2020.

Årsrapporten  for den  norsk-svenske  elsertifikatmarknaden  er laga av NVE og Energimyndigheten i Sverige. Svensk versjon av rapporten vil bli publisert samstundes med at den norske utgåva vert lagd ut på nve.no. Årsrapporten vil også bli publisert på engelsk i løpet av hausten.

Last ned og les ”Et norsk-svensk elsertifikatmarked – årsrapport for 2012”.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Mari Hegg Gundersen, tlf 22959124
Prosjektleiar Anton Eliston, tlf 22959881