Foreløpige tal for utrekninga av elsertifikatplikta for 1. kvartal: 27 TWh
Mengda elektrisk energi som er relevant ved utrekninga av elsertifikatplikta i Noreg for 1. kvartal 2013 var 27 TWh. Dette viser dei foreløpige tala frå nettselskapa og sluttbrukarar som rapporterer direkte.
Med ein kvoteplikt på 4,9 prosent for 2013 viser foreløpige tal at elsertifikatplikta etter første kvartal omfattar 1,3 millionar elsertifikat.
NVE ber alle marknadsaktørane merka seg at tala frå nettselskapa ikkje er godkjende av dei elsertifikatpliktige, og at dei difor kan innehalde feil. Alle dei elsertifikatpliktige pliktar å sjå til at volumet som er relevant ved utrekning av elsertifikatplikta er korrekt.
Elsertifikatpliktige bør få tilsendt ei EDIEL melding (UTILTS/N16) med oversikt over volum som er relevant for utrekninga av elsertifikatplikta, når dei sjekkar voluma sine. Meldinga inneheld informasjon om kor mykje som er blitt rapportert inn til NECS (elsertifikatregisteret) frå kvart enkelt nettselskap.
Alle elsertifikatpliktige vert oppfordra til å kontrollere dei innrapporterte tala til NECS, slik at eventuelle feil kan rettast så raskt som mogleg.
Tabell: Mengda elektrisk energi som er relevant ved utrekning av elsertifikatplikta.
TWh |
Status 1. april 2013 |
Status 24. mai 2013 |
2012 | 81,1 | 79,4* |
1. kvartal 2013 | I /T | 27,0 |
* Talet for 2012 er til dels endra som følgje av nye innrapporteringar frå nettselskap og til dels grunna avklaringar av omtvista elsertifikat.
Kontakt:
Anton Eliston, rådgiver, 22 95 98 81