Øvre Seljestadelva kraftverk

Registreringsnummer
6502
Saksnummer
201106941
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
15.12.2017
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang
Vassdragsområde
048.EZ
Søkt produksjon
6,70 GWh

Løyve til to og avslag til eitt småkraftverk i Odda

NVE gjev løyve til Tokheimselva kraftverk og Nedre Seljestadelva kraftverk, medan Øvre Seljestadelva kraftverk får avslag. Seljestadelva er en del av det verna Opovassdraget. Alle kraftverka ligg i Odda kommune i Hordaland. Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 32,6 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1600 husstandar. Prosjektet som fekk avslag kunne ha gjeve 6,7 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. For Tokheimselva kraftverk har verknader på landskap, friluftsliv og samla belastning vore viktige tema i NVE si vurdering. Det same har tilhøvet til vassforsyninga til Boliden. Opo m/Låtefoss vart varig verna gjennom Verneplan I (1973), og for Øvre og Nedre Seljestadelva kraftverk har derfor tilhøvet til vassdragvernet vore eit viktig tema i NVE si vurdering. Verknadane på landskap og naturmangfald har også vore viktig i vurderinga av desse to prosjekta. NVE meiner at ei utbygging av Øvre Seljestadelva kraftverk vil redusere enkelte landskapselement og dermed svekke verneverdiane i vassdraget. For Nedre Seljestadelva kraftverk har NVE lagt vekt på at vassuttaket er lågt, og at ei utbygging i liten grad vil føre til ytterlegare belastingar på landskapet langs elva. NVE har gjeve løyve til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og som ikkje svekker verneverdiane, og samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.