Publisert 28.08.2023 , sist oppdatert 13.11.2024

Her finn du relevante leveransar og publikasjonar

NVE gjennomførte i samarbeid med eit stort tal aktørar, i perioden 2017- 2021, eit kartleggingsprogram og analyser av Åknes for å undersøke moglegheita for stabilisere fjellpartiet gjennom drenering.  

Prosjektet si målsetting var å vurdere moglegheita for å bruke drenering for å redusere risikoen, gjennom innsamling av tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om geologiske og hydrogeologiske tilhøve i fjellpartiet. Det er utført omfattande datainnsamling og analyser av dataen. 

Rapport 22/2021 – Possibility for using drainage as mitigation to increase the stability of the Åknes rock- slope instability, Stranda in western Norway. Rapport (nve.no)  

 

Første del av arbeidet med Åknes Dreneringsprosjekt er å utarbeide eit forprosjekt der målet er å vurdere ulike alternativ for drenering. Forprosjektet er delt inn i tre fasar. 

Arbeidet i fase 1 omhandlar realitetsvurdering av eit breitt spekter av tiltak. Tiltaka vart vurdert med omsyn forventa effekt, teknisk gjennomførbarheit, samt tryggleik i samband med både anleggsgjennomføring og drift. Nokre tiltak vart forkasta undervegs i arbeidet.

Tiltaka som er tatt med vidare er arbeidd med på eit overordna nivå, og har vore diskutert med ekstern internasjonal ekspertgruppe samt med aktuelle entreprenørar.

Rapporten er sluttproduktet for fase 1 og skildrar dei vurderte løysingane på ein systematisk måte.

Rapporten skildrar kva tiltak som er vurdert, korleis dei er vurdert, samt fordelar og ulemper ved dei ulike tiltaka.

Føremålet med rapporten er å anbefale eit dreneringskonsept eventuelt beståande av fleire ulike tiltak, som det skal arbeidast vidare med i fase 2.

Sjå rapporten HER

 

Storymap med informasjon om arbeidet med overvaking av ustabile fjellparti i Noreg, laga til Intraprevent 2021: 

Preventing disaster
Mapping, monitoring and early warning as risk mitigation 
Av: Lene Kristensen og Gustav Pless, 28. mai 2021

Her finn du informasjon frå NVE om fjellskred. 

Her finn du informasjon frå NGU om fjellskred.