Reguleringsplanarbeid
Ein del av oppdraget i forprosjektet er å gjennomføre ei detaljregulering av planlagte tiltak i samsvar med Plan- og Bygningslova.
Varsel om oppstart av planarbeid og høring planprogram:
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsler i henhold til plan- og bygningsloven §§ 3-7 og 12-8 om oppstart av reguleringsplanarbeid og høring av planprogram for dreneringstiltak for det ustabile fjellpartiet Åknes. Dette i samråd med Stranda kommune. Norconsult Norge AS er leigd inn som plankonsulent.
Norconsult bistår NVE med eit forprosjekt som ser på moglege dreneringstiltak, og vurderer effekten av desse. Det er pr. dags dato aktuelt med fleire ulike typar tiltak (dreneringstunnel fra Strandadalen, grøfter i terrenget ovanfor baksprekken i fjellpartiet samt dreneringshull), som alle har til formål å redusere grunnvannstand i det ustabile fjellpartiet, og på denne måten forhåpentligvis bremse og/eller redusere eit fjellskred fra Åknes.
Planprogrammet som ligg til grunn for arbeidet låg ute til offentlig ettersyn i perioden 16.mai til 27.juni 2024 på Stranda kommune og NVE sine heimesider i samsvar med plan- og bygningslova § 4-1. På NVE si heimeside samt i planprogrammet kan ein lese meir om prosjektet. Last ned planprogrammet her.
Planprogrammet er no oppdatert med bakgrunn i innspela som kom inn i høyringsperioden. Oppdatert planprogram, med innkomne innspel er oversendt Stranda kommune.