Status - kva skjer no?
Etter flaumen i 2014 har Voss herad og NVE arbeidd med alternative løysingar for flaumsikring. Vi har fått utarbeidd ein moglegheitsstudie og hatt eit større forprosjekt for å vurdere alternative sikringstiltak langs Vossovassdraget. Forprosjektet vart presentert i Voss heradsstyre 18.juni 2020. I etterkant av dette var det semje mellom heradet og NVE å gå vidare med ei detaljvurdering om det er mogleg å etablere lokale tiltak på Vangen og ved Evanger sentrum.
Lokale tiltak kan bestå av flaummurar i kombinasjon med pumpestasjonar, og ev. avleiingskanalar oppe i liene for å hindre mykje lokaltilsig. For å kunne dokumentere om lokale tiltak i form av flaummurar har tiltenkt effekt/verknad, er det viktig å ha oversikt over kor permeable massane er og korleis og kor mykje vatn som strøymer i grunnen. Ein skal òg ta omsyn til drikkevasskjelda til Voss sentrum. For å kartlegge dette er det engasjert konsulent for å etablere ein grunnvassmodell for Vangen.
For å utarbeide ein god modell trengs det instrumenterte grunnvassbrønnar. Det er etablert 17 grunnvassbrønnar og 3 målestasjonar i elva som del av prosjektet. Vossovassdraget er eitt av dei vassdraga i Noreg som er best instrumentert.
Figuren under syner oppinstrumenteringa. Brune markering er grunnvasstasjonar og raude markeringar er vasstandstasjonar.