Publisert 21.03.2023 , sist oppdatert 07.07.2023

Historie

”1743 den 5te desember natten til torsdag voxte Vangsvandet på Voss så høit at det gikk ind i kirken op til koret og stod vandet 4 alen op påå husene saa vandet flød ind igjennem vinduerne paa husene som stod på Vangen. Nogle huse som stod vestenfor klokkerhusene flød hen til kirkegaarden hvilke før havde slaget 4 vinduer ind i klokkerens hus.” (Kindem 1929).  

Overfløyming Voss sentrum på 70-talet

Gjennom historia har Vossovassdraget vore råka av mange flaumar. På 1700-talet skal det ha vore ikkje mindre enn fire flaumhendingar (1719, 1743, 1745 og 1790) der vatnet nådde opp til Vangskyrkja. Det var og fleire store flaumar på 1800-talet (kjelde: Flom i Norge, Lars Roald 2013).

I følgje Jakob Håheim i Voss herad, ligg kyrkjegolvet på kote 53,90 moh, medan golvet i koret ligg på kote 54,21 moh og topp alter på kote 55,28 moh. Frå flaumen i desember 1743 er det skildra at vatnet nådde helt til koret i kirken og at man kunne ro i båt til alteret (Roald 2013). Vatnet skal då ha stått fire alner opp til husene på Vossvangen. Grunnen, der desse husa stod, er seinare heva, slik at dei gir ikkje noko påliteleg høgdereferanse i dag. Flaumhendinga i 1604 er avmerka på kyrkjeveggen på kote 55,47 moh. Dette var før utløpet av Vangsvatnet vart endra.

Dei føste sprengingsarbeida vart utført i februar 1865. Kanaldirektøren vurderte at en Flom som den i 1864 ganske sikkert var sænket 4 Fod, kanske 5 à 6 Fod som følge av dette (kjelde: Kanlvæsenets Historie 1888). Under flaumen i 1864 vart postvegen overfløymd, som i 1873 og 1888. Ut frå kommentarar gjeve i Roald, 2013, er vasstandane omrekna til dagens høgdesystem. Ved omrekning frå lokal vasstand til kotehøgde, er 0-punktet for målestasjon 62.5 Bulken målt til kote 44,27 moh (NN1954) (kjelde: Flaumsonekart 4/2006 Delprosjekt Voss). For å bestemme vassføring ut av Vangsvatnet ved desse historiske flaumane vurderer ein at vassføringskurven for Bulken, som er målt opp i perioden 1892-1990, er gyldig tilbake til 1870. For flaumane før 1865, er det vurdert at tidlegare flaumvasstander ville vore seinka med 6 Fod, eller om lag 1,9 m grunna seinkingsarbeida. For desse tidlegaste flaumen er det difor nytta ein justert vassføringskurve for Bulken, der terskelnivå i utløpet er heva med 1,9 m. Grunna uvisse knytt til dei observerte vasstandsnivåa og omrekning frå vasstand til vassføring, er dei utrekna vassføringane før 1880 avrunda til nærmaste 50 m3/s.

I tabellen er vist Flaumar i Vosso 1604-2014. For flaumane før 1860 er vassføringa avrunda til nærmast 50m3/s grunna uvisse i både observert vasstand og omrekning frå vasstand til vassføring.

År

Vst (lokal)

Vst (moh)

Vassføring (m3/s)

Kommentar (frå Roald, 2013)

1604

11,2

55,47

900

Avmerkt på kyrkjeveggen

1719

9,94

54,21

700

Om lag som i 1743

1743

9,94

54,21

700

Vatn til koret i kyrkja

1745

9,63

53,90

650

Vatn opp til kyrkja

1790

9,94

54,21

700

Om lag som i 1743

1864

7,36

51,63

400

Postveg overfløymt

1865-66; seinkingsarbeid, noko tilleggsarbeid 1867 – om lag 1870

1873

7,36

51,63

600

Postveg overfløymt

1884

8,02

52,29

703

26 tommar høgare enn i 1873

1888

7,36

51,63

615

5 tommar høgare enn i 1918, om lag same høgde som i 1873

1918

7,23

51,50

598

 

Etter seinkingsarbeida 1990-91

2014

7,03

51,30

813

 

Vinteren 1990 – 91 vart utløpet av Vangsvatnet seinka/utvida over ei lengde på om lag 600 m og det vart lagt ein 50 m brei terskel i utløpet av vatnet for å hindre lågvasseinking. Verknaden av dette arbeidet er mellom anna undersøkt i Engen et. al. 1999, der dei fann at seinkinga har medført ein reduksjon av flaumvasstandane i Vangsvatnet med 1,5 til 1,7 m. 

Til tross for m.a. seinking av Vangsvatnet, er det fleire område langs Vossovassdraget som framleis er utsatt for flaumskadar. Store delar av Voss og Evanger sentrum vert liggande under flaumnivå, og det har til dels vore omfattande erosjon langs vassdraget som har medført utfordringar for infrastukturen (veg og bane). Grunna trongt utløp mot Veafjorden opplever ein òg overfløyming langs Bolstadfjorden. Etter flaumen i 2014 er skadeutbetringane rekna til omlag 500 mill. kroner. 

Etter flaumen i 2014 vart det utført mindre utbetringar både i Vosso ved Voss sentrum, ved Evanger og langs veg og bane nedstraums Vangsvatnet. 

Oppdaterte flaumsonekart og erfaringane for Voss og Evanger sentrum viser at store område vert sett under vatn ved ei 200-årshending. Til dømes ligg Vangsvatnet "normalt" rundt kote 48 moh, under ein 200-årsflaum ligg Vangsvatnet på kote 51,1 moh, medan det for eit klima i endring ligg på kote 53,3 moh. Voss herad har definert begynnande skadenivå til kote 49,9 moh. Tilsvarande for Evanger ligg Evangervatnet "normalt" på kote rundt 10 moh, under ein 200-årsflaum står vatnet rundt kote 13 moh, og for eit klima i endring ligg Evangervatnet på kote 14,7 moh. 

 

Vosso ved Geitle i november 2022. Også vatn inn frå Torfinno til høgre. Foto: Sveinung Klyve
Vosso ved Geitle i november 2022. Også vatn inn frå Torfinno til høgre. Foto: Sveinung Klyve