Publisert 09.12.2021 , sist oppdatert 16.12.2021

I år har breane vorte tynnare og brefrontane har smelta tilbake

NVE sine bremålingar i 2021 viser at 34 av 36 målte brefrontar har trekt seg tilbake, og  at alle 10 breane med massebalansemålingar hadde masseunderskot.

Engabreen: Hallgeir Elvehøy gjer frontmåling 23. oktober frå eit fastpunkt framfor brefronten. Engabreen er ein nordleg utløpar frå Svartisen og har trekt seg tilbake 633 meter dei siste 20 åra. Foto: Stein Engen/NVE.

– Dei siste 20 åra har alle breane vi følgjer med på trekt seg tilbake. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.

Massebalansen til ein bre er forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren. Sidan det snør mest på toppen av breen og smeltar mest nær brefronten, så er det massebalansen for heile breen sitt areal som er avgjerande.

NVE sine målingar av massebalanse på brear viser at i 2021 har alle dei ti breane hatt underskot. Breane i Sør-Noreg fekk mindre snø enn normalt i vinter, medan breane i Nord-Noreg fekk meir snø enn normalt. Bresmeltinga gjennom sommaren var større enn normalt på breane i Sør-Noreg og i Nordland, men mindre enn normalt lengst i nord. Resultat for 2021 vart dermed underskot for alle breane.

Negativ massebalanse i lengre tid

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Breane i Noreg har den same utviklinga som dei fleste breane i resten av verden. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik dei siste 20 åra.

– Når breane trekk seg tilbake så dannar det seg ofte eit vatn framfor brefronten. Dette skuldast at mange brear ligg i forsenkingar i dalføret eller i ein botn. Forsenkingane har breane sjølv erodert ut over svært lang tid. Når slike brekantsjøar veks fram, så forsterkar det bresmeltinga, forklarar Hallgeir Elvehøy.

Regionale endringer

I breområda i Sogn og Fjordane har ni målte brear i snitt trekt seg tilbake 30 meter. Størst tilbakegang hadde Austerdalsbreen i Luster med 130 meter i år og 544 meter dei siste 20 åra. Austerdalsbreen endar no i eit vatn.

Nigardsbreen trakk seg tilbake 39 meter i år, og har trekt seg tilbake 618 meter sidan 2001. I Hurrungane i Vest-Jotunheimen har Styggedalsbreen trekt seg tilbake 37 meter i år og 221 meter dei siste 20 åra. Etter som brefronten har trekt seg tilbake har det vokse fram eit vatn framfor breen.

På Ålfotbreen i Bremanger og Nigardsbreen i Luster kom det mindre snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga var større enn normalt. Massebalansemålingane på Nigardsbreen og Ålfotbreen viste dermed eit stort underskot i år.

Massebalansemålingane har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 20 meter tynnare dei siste 20 åra, medan Nigardsbreen har minka med om lag 5 meter. Den store forskjellen mellom disse breane er at Nigardsbreen ligg mykje høgare over havet enn Ålfotbreen.

I breområda i Hordaland har åtte målte brefrontar i snitt gått 34 meter tilbake i år. Størst tilbakegang hadde Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna med 66 meter tilbake i år og 979 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra. Brefronten der ser no ut til å ha trekt seg heilt ut av det nye vatnet som har vokse fram sidan 1960-talet. Sju brear har trekt seg tilbake mellom 110 og 979 meter dei siste 20 åra.

Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har hatt eit ganske stort underskot i år. All snøen frå siste vinter har smelta i år. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 12 meter vassekvivalentar som tilsvarar at heile breen har vorte 13 meter tynnare. Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 17 meter i år og 377 meter i løpet av dei siste 20 åra.

I Innlandet har sju målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 21 meter i år. Størst tilbakegang hadde Storjuvbrean i Leirdalen i Lom med 33 meter i år og 224 meter siste 20 år. Dei siste 20 åra har seks brear trekt seg tilbake mellom 184 og 331 meter.

Hellstugubreen i Jotunheimen fekk litt mindre snø enn normalt, medan snø- og issmeltinga i sommar var vesentleg større enn normalt. Dermed vart massebalansen på Hellstugubreen mykje meir negativ enn normalt. Hellstugubreen har dei siste 20 åra minka tilsvarande eit islag på 1 meter kvart år. Hellstugubreen trakk seg tilbake 20 meter i år, og har trekt seg tilbake 220 meter dei siste 20 åra.

I Nordland har seks brefrontar i snitt trekt seg tilbake 29 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes hadde den største tilbakegangen med 59 meter. Dei siste 10 åra har breen trekt seg tilbake 291 meter.

Massebalansemålingane på Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, viste at breen har hatt eit lite underskot i år. Det kom litt meir snø enn normalt i vinter men smeltinga i sommar var større enn normalt. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 4,5 meter vassekvivalentar som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 5 meter tynnare. Engabreen har trekt seg tilbake 26 meter det siste året, og 633 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra.  

I Troms og Finnmark har fire målte brear i gjennomsnitt trekt seg tilbake 26 meter i år. Den største tilbakegangen hadde Steindalsbreen på austsida av Lyngen med 45 meter i år og 416 meter i løpet av 20 år.  

Langfjordjøkelen i Loppa hadde eit lite masseunderskot i år etter at det kom litt meir snø enn normalt i vinter og smeltinga i sommar var mindre enn normalt. Men resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot tilsvarande 20 meter vassekvivalentar. Brefronten har trekt seg tilbake 19 meter i år og 587 meter i løpet av dei siste 20 åra.

Faktaboks: Korleis måler vi breendringar

Massebalansemålingar på bre handlar om å finne ut kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren, og kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren. På slutten av vinteren måler vi snødjupet i mange punkt over heile breen, og måler tyngda av snøen i eitt representativt punkt. For å måle kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren borer vi ned aluminiumsstakar fleire stader på breen om våren. Om hausten måler vi kor mykje lengre stakane har blitt over overflata, og kan dermed rekne ut kor mykje snø og is som har smelta i løpet av sommaren.

Ut ifrå punktmålingane reknar vi ut kor mykje snø som la seg på heile breen, og kor mykje snø og is som smelta i løpet av sommaren. Forskjellen viser om breen har lagt på seg eller minka.

Brefrontmålingar set tal på korleis lengda og arealet til ein bre endrar seg. Vi har eit fast punkt framfor brekanten og måler avstanden frå punktet til brekanten i ei fast retning. Når vi kjem tilbake neste år måler vi avstanden frå punktet i den same retninga. Om breen minkar og brefronten trekk seg tilbake, så aukar avstanden.

Bremålingane vert gjort i samarbeid med Statkraft, Siso Energi, Sunnhordland Kraftlag, Sogn og Fjordane Energiverk, Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjellsenteret i Lom, og lokale observatørar.

NVE er nasjonal faginstitusjon i hydrologi. NVE overvakar alle former for vatn i Noreg. NVE har gjort massebalansemålingar tilbake til 1962 og frontmålingar sidan 1995.

Data og informasjon om norske brear finn du på https://www.nve.no/bre

Resultat av brefrontmålingar i 2021, og endring sidan 2001 (20 år).

 

Bre

Endring 2020-2021 (meter)

Kommentar 
         

Endring 2001-2021
 (meter)

 

Austerdalsbreen

-130

 

-544

Sogn og Fjordane

Fåbergstølsbreen

-12

 

-382

 

Brenndalsbreen

-15

To år

-782

 

Haugabreen

-5

 

 

 

Nigardsbreen

-39

 

-618

 

Stigaholtbreen

-14

 

-265

 

Vetle Supphellebreen

-2

 

 

 

Styggedalsbreen

-37

 

-221

 

Tuftebreen

-14

 

 

 

Bondhusbrea

-46

 

-428

Hordaland

Botnabrea

-56

To år

-277

 

Buerbreen

-45

 

-379

 

Gråfjellsbrea

-66

 

-979

 

Svelgjabreen

0

   

 

Blomstølskardsbreen

-17

 

-110

 

Midtdalsbreen

-24

 

-268

 

Rembesdalskåka

-17

 

-377

 

Bøverbrean

-18

 

-207

Oppland

Hellstugubrean

-20

 

-220

 

Leirbrean

-23

 

-294

 

Storbrean

-24

 

-184

 

Storjuvbrean

-33

 

 -224

 

Styggebrean

-23

To år

 

 

Mjølkedalsbreen

-5

 

 -331

Møre og Romsdal

Trollkyrkjebreen

-16

   

 

Vinnufonna

-24

 

 

 

Austre Okstindbreen

-59

   

Nordland

Corneliussenbreen

-26

Fem år

 

 

Engabreen

-26

 

-633

 

Trollbergdalsbreen

-37

To år

 

 

Skjelåtindbreen

-14

To år

 

 

Rundvassbreen

-14

 

-415

 

Steindalsbreen

-45

 

-416

Troms og

Sydbreen

-23

To år

 

 Finnmark

Koppangsbreen

-15

 

-343

 

Langfjordjøkelen

-19

 

-587

Nokre resultat av massebalansemålingar i 2021 og gjennomsnitt for perioda 2001-2020 (20 år). m.v.e. står for meter vassekvivalentar.

 

Bre

Massebalanse 2021
 (m v.e.)

Massebalanse 2001-2020
(m v.e. pr. år)

Sogn og Fjordane

Ålfotbreen

-1.7

-0.93

Sogn og Fjordane

Nigardsbreen

-0.5

-0.10

Hordaland

Rembesdalskåka

-1.5

-0.56

Oppland

Hellstugubreen

-1.3

-0.85

Nordland

Engabreen

-0.5

-0.29

Troms og Finnmark

Langfjordjøkelen

-0.2

-1.12

 

Kontakt

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, 92 44 61 89
Seksjonsjef Rune Engeset, 99 03 88 68

Fakta: Tilbakegang for brefrontane

  • Størst tilbakegang i år hadde Austerdalsbreen på sørsida av Jostedalsbreen (-130 meter), Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna (-66 meter) og Austre Okstindbreen i Hemnes i Nordland (-59 meter).
  • Midlare tilbakegong for dei 36 breane er 26 meter.
  • Dei siste 20 åra har 24 brear med samanhengande målingar gått tilbake 469 meter i gjennomsnitt.
  • Dei 36 breane med brefrontmålingar i 2021 utgjer om lag 14 prosent av brearealet i Noreg.