Løyve til å rusta opp og utvide Stifoss kraftverk og avslag til Søndeled kraftverk
NVE gjev AS Egelands Verk løyve til å rusta opp og utvide Stifoss kraftverk i Gjerstad kommune og avslag på å bygge Søndeled kraftverk i Risør kommune i Aust-Agder fylke.
NVE har lagt vekt på at Stifoss kraftverk vil gi om lag 6 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar. Å rusta opp og utvide Stifoss kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi utan nye store inngrep i vassdraget.
I vedtaket har NVE også lagt vekt på at å bygge ut Søndeled kraftverk vil ha negative verknader for anadrom fisk. NVE meiner at samfunnsnytta av ein produksjon på mindre enn 4 GWh per år ikkje er større enn ulempene for allmenne interesser i vassdraget.