Løyve til Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark
NVE gjev Vest-Telemark Kraftlag AS løyve til å byggje Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 3,6 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 180 husstandar.
NVE legg vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Verknadene er primært knytt til moglege konsekvensar for storaure og ei bekkekløft med lokal verdi.
NVE meiner ulempene kan avgrensast ved å sette krav om at kraftstasjonen må flyttast noko lenger opp, og med vilkår om minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Trontveitåna kraftverk.
Les meir om Trontveitåna kraftverk