NVE avslår søknad om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk

Clemens Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Fessdalselva kraftverk i Rissa kommune i Sør-Trøndelag. NVE har kome fram til at dei negative verknadane ved prosjektet er så store at søknaden om å byggje kraftverket får avslag.

NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved planlagde Fessdalselva kraftverk. Etter NVE sitt syn vil tiltaket, og då først og fremst røyrtraseen, føre til så store inngrep i terrenget at desse aleine er avgjerande for vår konklusjon. Vi har difor ikkje vurdert tiltaket sine verknader på naturmiljø eller andre allmenne interesser.

Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på om lag 9,1 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 450 husstandar.

Les meir om Fessdalselva kraftverk her

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt,
tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216

Sakshandsamar Tord Solvang,
tlf. 22 95 92 48