Konsesjon
-
Løyve til Solheimsdalen kraftverk
NVE gjev Solheimsdalen Kraft AS løyve til bygging av Solheimsdalen kraftverk i Tysnes kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 7,9 GWh i eit middels år. Dette svarar til strambruken til om lag 400 husstandar.
-
Avslag til Melkevoll kraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane
NVE avslår søknaden frå Melkevoll Elvekraft SUS om løyve til å byggje Melkevoll kraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. NVE meiner at utbygging vil vere i strid med vassressurslova sine reglar om kraftutbygging i verna vassdrag.
-
Løyve til Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark
NVE gjev Vest-Telemark Kraftlag AS løyve til å byggje Trontveitåna kraftverk i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 3,6 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 180 husstandar.
-
Avslag til to små vasskraftverk i Tovdalsvassdraget
NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Herefoss og Hauglandsfossen kraftverk i det verna Tovdalsvassdraget i Birkenes og Froland kommuner i Aust-Agder.
-
Avslag til tre småkraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland
NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland.
-
Folkemøte om Fortun-Grandfastareguleringane i Luster, Lom, Årdal og Skjåk
NVE arrangerer folkemøte 30. november på Grendahuset i Fortun.
-
Avslag til fire små vasskraftverk og to nettanlegg i Namsskogan
NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Steinåa, Bjørelva, Litlflåttådalselva og Flåttådalselva kraftverk i Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. NVE avslår òg søknaden om løyve til å byggje 132 kV kraftleidning Tunnsjødal-Kjelmyrlonet og ny Brekkvasselv transformatorstasjon.
-
Offentlig møte om Davvi vindkraftverk - 22.november i Sirma
NVE har mottatt meldinger med forslag til utredningsprogram fra Grenselandet AS for Davvi vindkraftverk med tilhørende nettilknytninger i kommunene Lebesby og Tana.
-
Løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon
NVE gjev Statnett SF løyve til å utvide og oppgradere Sylling transformatorstasjon i Lier kommune i Buskerud.
-
NVE tilrår konsesjon til Løkjelsvatn kraftverk
NVE har handsama ein søknad frå Sunnhordland Kraftlag (SKL) om løyve til å byggje og drive Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune, Hordaland. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje konsesjon.
-
Løyve til omformarstasjonar for elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen
NVE har gjeve Bane NOR SF løyve til å byggje Hell omformarstasjon på Eidum i Stjørdal kommune og Steinkjer omformarstasjon på Heggesenget i Steinkjer kommune.
-
Eitt avslag og ei fraråding til vasskraftverk i Bø kommune i Telemark
Midt-Telemark Energi AS har søkt om løyve til Nye Oterholtfoss kraftverk og interimsstyre for Herrefoss har søkt om løyve til Herrefoss kraftverk i Bøelva, i Bø kommune i Telemark. NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje løyve til byggje Nye Oterholtfoss kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknaden om å byggje Herrefoss kraftverk.
-
Løyve til regulering av Rennedalsvatnet i Kvinnherad
NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Rennedalsvatnet i Kvinnherad kommune i Hordaland med inntil fem meter. Reguleringa skal nyttas til auka kraftproduksjon i Gjerde kraftverk. Gjerde kraftverk produserer i dag om lag 4,5 GWh. Tiltaket vil gi om lag 1,6 GWh i auka produksjon. Dette tilsvara forbruket til om lag 80 husstandar.
-
Tilrår løyve til nye overføringar til Evanger kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje BKK Produksjon AS løyve til overføring av Tverrelvi og Muggåselvi til Evanger kraftverk, samt bygging av kraftverka Tverrelvi og Muggåselvi i Voss kommune.
-
Løyve til Aunelva minikraftverk
NVE gjev Aunelva minikraftverk SUS løyve til å bygge Aunelva minikraftverk i Sørli kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 3,7 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 280 husstandar.
-
Løyve til tre og avslag til to små vasskraftverk i Åseral
NVE gjev løyve til Herresbekken, Hamkollåna og Skothomtjønn kraftverk, medan Bliksåna og Gjermundsbekken kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Åseral kommune i Vest-Agder.
-
Tilrår slepp av minstevassføring i Samnangervassdraget
NVE rår Olje- og energidepartementet til å pålegge BKK Produksjon AS å sleppe minstevassføring frå Fiskevatn i Samnangervassdraget i Samnanger kommune, Hordaland.
-
Tilrår nye konsesjonsvilkår for Bleksvatn reguleringsmagasin
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Andøy Energi AS nye konsesjonsvilkår for Bleksvatn reguleringsmagasin i Storelva ved Lorvik i Andøy kommune i Nordland fylke.
-
Løyve til Stensrud kraftverk
NVE gjev Øderud Fossekompani AS løyve til å byggje Stensrud kraftverk i kommunane Modum og Øvre Eiker i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 2,55 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 130 husstandar.
-
Løyve til Bjønnebekk kraftverk i Nore og Uvdal
NVE gjev Uvdal Fossekompani AS løyve til å byggje Bjønnebekk kraftverk i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 3,3 GWh straum i eit middels år. Dette svarar til om lag 165 husstandar.
-
Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn frå Lona-vassdraget
NVE gjev Fossing Storsmolt AS løyve til regulering og uttak av vatn frå Lona-vassdraget i kommunane Bamble og Kragerø, i Telemark. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.
-
Løyve til Prestfossan kraftverk i Selbu kommune
NVE gjev Statkraft Energi AS løyve til å byggje Prestfossan kraftverk i Garbergelva i Selbu kommune i Sør-Trøndelag. I vedtaket har NVE lagt vekt på at utbygginga vil vera eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
-
Løyve til Nye Suvdøla kraftverk i Drangedal
NVE gjev løyve til Nye Suvdøla kraftverk i Drangedal kommune i Telemark.
-
NVE gir løyve til nye Dalsfos kraftverk Øst i Kragerø
NVE gir Skagerak Kraft AS løyve til å bygge Dalsfos kraftverk Øst i Kragerø kommune i Telemark.
-
Løyve til ny 132 kV kraftleidning i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
Bremangerlandet vindkraftverk fekk 6. juni 2017 endeleg løyve etter klagebehandling hjå Olje- og energidepartementet. NVE gjev i dag SFE Nett AS løyve til ca. 10,5 km ny 132 kV kraftleidning frå Bremangerlandet vindkraftverk til Rugsundøy. Kraftleidninga er naudsynt for å knyte krafta frå Bremangerlandet vindkraftverk til regionalnettet på Rugsundøy.
-
Løyve til fire og avslag til tre små vasskraftverk i Modalen
NVE gjev løyve til Nåmdalselva, Todeilselva, Almelidelva og Budal II kraftverk, medan Tveråna, Bleidalselva og Seljedalselva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Modalen kommune i Hordaland.
-
To løyve og tre avslag til småkraftverk i Namsskogan og Grong
NVE gir løyve til Grøndalselva og Nedre Skorovasselva kraftverk i kommunane Namsskogan og Grong i Nord-Trøndelag. Grøndalstjønna, Sandåa og Øvre Skorovasselva kraftverk i Namsskogan kommune får avslag.
-
Vedtak og innstillingar til småkraft og vassdragsregulering i Sør-Troms
NVE gjev løyve til Løvdalselva kraftverk i Gratangen og Plasselva og Sandneselva kraftverk i Lavangen. Rørelva og Segelelva kraftverk i Skånland og Dudal og Belneselva kraftverk i Gratangen får avslag. Samstundes anbefaler NVE at OED gir løyve til regulering av Foldvikvatnet og til bygging av Øvre Foldvik kraftverk og Nedre Foldvik kraftverk.
-
Løyve til Reina småkraftverk i Overhalla
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Reina kraftverk i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 6,6 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 330 husstandar.
-
Løyve til tre, og avslag til fire, små vasskraftverk i Beiarn i Nordland
NVE gjev løyve til Heståga og Troåga, Gamåga og Mårberget kraftverk, medan Galtåga, Savåga, Høgforsen og Bruforsen kraftverk får avslag.
-
Løyve til uttak av vatn i Rendalen kommune
NVE gjev Rendalsfisk AS løyve til uttak av vatn frå elva Mistra i Rendalen kommune i Hedmark.
-
Tillatelse til kraftledning trygger strømtilførsel mellom Hamneidet og Skjervøy i Troms
NVE gir Ymber AS anleggskonsesjon og ekspropriasjonstillatelse for å bygge og drive en ny 13 km lang 66 kV kraftledning mellom Hamneidet og Skjervøy i kommunene Nord-Reisa og Skjervøy i Troms.
-
Løyve til Fossdalen kraftverk i Gulen kommune, Sogn og Fjordane
Kraftverket vil produsere om lag 8,8 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 440 husstandar.
-
Ny rettleiar til nytte for alle som planlegg vassdragstiltak
NVE har utarbeidd ein ny rettleiar som tek føre seg vassressurslova og korleis NVE handsamar inngrep i vassdrag og grunnvatn.
-
Løyve til sju og avslag til fire små vasskraftverk i Gloppen
NVE gjev løyve til Langedalselva, Traudalen, Kvitefella 2, Sessaelva, Ommedal, Røyrvik og Haugaelva kraftverk, medan av Rauset, Skorgeelva, Øyrane og Solheim kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
-
Nytt veiledningsmateriell for kartlegging av biologiske verdier i små vassdrag
For å hjelpe konsulenter og andre aktører i å få frem viktig informasjon når norske vassdrag skal utredes og kartlegges, har NVE fått utarbeidet materiell. Noe av materiellet er tenkt brukt i felt.
-
Løyve til Klovefoss kraftverk
NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å byggje Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune i Telemark fylke. Kraftverket vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 250 husstandar.
-
Tilrår løyve til planendring for Leikanger kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sognekraft AS løyve til å endre planane for Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane. NVE rår til at Sognekraft får løyve til å sløyfe overføring av Skulåna i Henjadalen, og til å utvide deponi i Grindsdalen. NVE tilrår at Sognekraft ikkje får redusere gjeldande minstevassføring i Henjaelvi i sommarperioden.
-
Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn i Telemark og Aust-Agder
NVE gjev Jernes Fisk (SUS) løyve til regulering og uttak av vatn frå Leivann i kommunane Kragerø og Risør, i fylka Telemark og Aust-Agder. Vatnet skal brukast til produksjon av settefisk.
-
NVE med ei tilråding og ei fråråding av konsesjon i Rana kommune, Nordland
NVE har handsama to konsesjonssøknadar frå Miljøkraft Nordland i Rana kommune, og rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til å byggje og drive Rabben kraftverk. NVE rår samstundes til at det ikkje vert gjeve løyve til Hjartås kraftverk.
-
Tilråding om løyve til vasspumpe i Lærdal vil gje straum til 1700 bustader
NVE tilrår Olje- og energidepartementet å gje Østfold Energi AS løyve til å bygge Mørkedøla pumpe i Mørkedøla i Lærdal kommune. Mørkedøla renn frå Hemsedalsfjellet mot Borlaug og Mørkedøla pumpe vil tilføre energisystemet netto om lag 34 GWh per år. Dette svarar til straumforbruket for om lag 1700 bustader.
-
Ny kraft i Stranda kommune: Løyve til tre og avslag til eitt småkraftverk, løyve til ny luftleidning og ny transformatorstasjon
NVE gjev løyve til Hauge, Langedalselva og Røyrhus kraftverk, medan Storfossen minikraftverk får avslag. NVE gjev også løyve til å byggje ei ny 66 (132) kV-luftleidning mellom Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal kommune og Litlebø i Stranda kommune. NVE gjev også SFE Nett løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon ved Litlebø og samtykke til ekspropriasjon av grunn- og rett til bygging og drift av nettanlegget.
-
NVE arrangerer folkemøte om konsesjonssøknad for Kobbvatnet transformatorstasjon og omlegging av leidningar, Sørfold kommune, Nordland
Folkemøtet om planane vert arrangert på Kobbelv Vertshus onsdag 10. mai kl. 19.00.
-
Løyve til Kjørstadelva kraftverk i Kongsberg
NVE gjev Kjørstadelva kraft (SUS) løyve til å bygge Kjørstadelva kraftverk i Kongsberg kommune i Buskerud. Kraftverket vil produsere om lag 6,8 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 340 husstandar. NVE har også gjeve løyve til linjetilknyting fram til eksisterande nett.
-
Tre løyve og fem avslag til småkraftverk på Helgeland
NVE gjev løyve til Kjerringåga, Kaldåga og Neverdalselva kraftverk i kommunane Lurøy og Vefsn. Heimstadelva, Langset, Forselva, Skjerva og Reinfjellelva kraftverk i kommunane Lurøy, Nesna, Leirfjord og Vefsn får avslag.
-
Ikkje løyve til Fossåa kraftverk
NVE gjev ikkje Fossåa 1K AS løyve til å bygge Fossåa kraftverk i Sør-Fron kommune i Oppland.
-
Løyve til Staurset-Hofset kraftverk
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Staurset-Hofset kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 14,4 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 720 husstandar.
-
Løyve til Tverråa kraftverk
NVE gjev Tverråa Kraft AS løyve til å byggje Tverråa kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark. Utbygginga er planlagt i verna vassdrag. NVE meiner ei utbygging med redusert slukeevne ikkje vil vere i konflikt med verneverdiane og at utbygginga vil ha større nytte enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser.
-
Løyve til Skurdalsåa kraftverk i Meråker
NVE gir løyve til å bygge Skurdalsåa kraftverk i Skurdalsåa i Meråker kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 13,2 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 660 husstandar.
-
Ikkje løyve til overføring av vatn frå Reppaelva til Tveitelva i Kvinnherad
NVE gjev ikkje Tveitelva kraftverk løyve til å overføre vatn frå Reppaelva til Tveitelva i Kvinnherad kommune i Hordaland. Redusert vassføring i Reppaelva vil gje negative konsekvensar for landskap og naturmiljø, meiner NVE.
-
Løyve til regulering av Nedre Mølnelvvann og overføring av Mølnelva til småkraftverk i Tysfjord
NVE gir løyve til regulering av Nedre Mølnelvann og overføring av Mølnelva til Sommersethelva kraftverk i Tysfjord kommune i Nordland. Overføringa vil gi ein auka produksjon på om lag 2,8 GWh. Dette svarar til straumbruken til 140 husstandar.
-
Løyve til Reinelv kraftverk
NVE gjev Norsk vannkraft AS løyve til å byggje Reinelv kraftverk i Lyngen kommune i Troms. Utbygginga vil kunne ha verknad på reindrifta i Rendalen reinbeitedistrikt, friluftsinteresser og biologisk mangfald. NVE meiner avbøtande tiltak vil redusere verknadene slik at desse ikkje blir uakseptable for verken distriktet eller andre ålmenne interesser.
-
Ny kraftleidning til Bodø
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Nordlandsnett løyve til å byggje ein ny kraftleidning mellom Hopen og Tjønndalen transformatorstasjonar i Bodø kommune. Nordlandsnett har òg fått løyve til å leggje om to eksisterande kraftleidningar ved Hopen.
-
Nytt informasjonshefte om bebyggelse nær høyspenningsanlegg
Statens strålevern gir ut et nytt informasjonshefte med oppdatert informasjon om magnetiske felt fra høyspenningsanlegg. NVE ber nettselskaper og utbyggere av høyspenningsanlegg om å sette seg inn i budskapet og bidra til å videreformidle denne ved henvendelser fra befolkningen.
-
Konsulentrapport om støy ved vindkraftverk i norsk topografi
NVE har fått utarbeidet en rapport om støyvirkninger for bebyggelse fra vindturbiner i typisk norsk terreng. Ifølge rapporten kan vindturbiner plassert i landskap med store høydeforskjeller, bart fjell og bebyggelse plassert i dalbunnene under vindturbinene gi andre støyvirkninger enn det som er normalt i flate landskap.
-
Ikkje løyve til småkraftverk i Kviteseid
NVE gjev ikkje Kvennåi Falleigarlag løyve til å bygge Kvennåi kraftverk i Kviteseid kommune i Telemark.
-
Løyve til to og avslag til fire små vasskraftverk i kommunane Tydal og Selbu
NVE har behandla seks søknadar om kraftverk i Tydal og Selbu kommunar i Sør-Trøndelag. NVE gjev løyve til Mølnåa i Selbu kommune og Styttåa kraftverk i Tydal kommune. Lødølja, Råna, Møåa og Lauva kraftverk får avslag.
-
Løyve til Innerelva kraftverk i kommunane Storfjord og Kåfjord i Troms
NVE gir Bekk og Strøm AS løyve til bygging av Innerelva kraftverk i Storfjord og Kåfjord kommune i Troms. Utbygginga vil kunne få konsekvensar for reindrifta i Helligskogen reinbeitedistrikt, men NVE meiner at avbøtande tiltak vil redusere konsekvensane slik at desse ikkje blir uakseptable for distriktet.
-
Løyve til Tindåga kraftverk
NVE gjev Salten Kraftsamband Produksjon AS løyve til å byggje Tindåga kraftverk i Gildeskål kommune i Nordland fylke. Kraftverket vil produsere om lag 7 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 350 husstandar.
-
Løyve til Eikeelva kraftverk
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Eikeelva kraftverk i Haram kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere om lag 4,5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til 225 husstandar.
-
To løyve og eitt avslag til småkraftverk i Lærdal
NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve.
-
Folkemøte om planlagt kraftverk og flomtunnel i Opo i Odda
NVE arrangerer folkemøte onsdag 15. februar i Rådhuset i Odda.
-
Løyve til kraftleidning mellom Bardufoss og Finnfjordbotn
NVE gjev Troms Kraft Nett AS løyve til å byggje ein 34 km lang kraftleidning mellom Bardufoss og Finnfjordbotn transformatorstasjonar i kommunane Målselv, Lenvik og Sørreisa i Troms fylke.
-
Avslag til fire småkraftverk i Vaksdal
NVE avslår søknadene om løyve til å byggje Fjellfossen, Steinsedalselvi, Leirofossen og Nonstadgilet kraftverk i Vaksdal kommune i Hordaland.
-
Folkemøte om sju småkraftverk i Voss kommune i Hordaland
NVE arrangerer folkemøte tysdag 31. januar i Tinghuset på Voss.
-
Løyve til to og avslag til tre små vasskraftverk i Bardu
NVE gjev løyve til Skoelva og Salvasskardelva kraftverk, medan Tverrelva, Skinskardelva og Liveltskardelva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Bardu kommune i Troms. Ett av dei planlagde kraftverka ligg òg i det verna Salangsvassdraget.
-
NVE tilrår løyve til Gjengedal kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje SFE Produksjon AS løyve til å byggje og drive Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje om lag 143 GWh/år ny, fornybar energi. Dette svarar til straumbruken til nærare 7150 husstandar.
-
Løyve til Brufossen kraftverk
NVE gjev Bekk og Strøm AS løyve til å byggje Brufossen kraftverk i Birkenes kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 7,3 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 365 husstandar.
-
Folkemøte om 420 kV kraftleidning Lyse–Fagrafjell (tidlegare Stølaheia)
NVE arrangerer offentleg møte i samband med at Statnett søkjer om nye traséalternativ frå Seldalsheia til ein ny transformatorstasjon på Fagrafjell i kommunane Sandnes og Time. Statnett trekker samstundes søknaden om å byggje kraftleidning frå Seldsalsheia til Stølaheia.
-
Ikkje løyve til Økta kraftverk
NVE gjev ikkje Økta Kraft AS løyve til å bygge Økta kraftverk i Nore og Uvdal kommune i Buskerud.
-
Løyve til tre små kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland
NVE har handsama tre kraftverksøknadar i Hjelmeland kommune i Rogaland. NVE gjev løyve til Sagåna, Kreppingdalen og Øvre Ullestadåna kraftverk.
-
Løyve til to og avslag til to små vasskraftverk i Fjaler
NVE gjev løyve til Tjøredalselva og Lønnebotn kraftverk, medan Øyrafossen og Yndestadhølen kraftverk får avslag. Alle dei planlagde kraftverka ligg i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.
-
Ikkje løyve til Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk
NVE gjev ikkje Norsk Vannkraft AS løyve til å bygge Kinsedal kraftverk og Kveken kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane, grunna store negative konsekvensar for biologisk mangfald.
-
Løyve til Skittresken kraftverk
NVE gjev Statskog Energi AS løyve til å byggje Skittresken kraftverk i Hattfjelldal kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 8 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 400 husstandar.
-
Løyve til Bordalselva kraftverk
NVE gjev Statskog Energi AS løyve til å bygge Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 6,7 GWh i eit medels år. Dette svarar dette til straumbruken til om lag 330 husstandar.
-
Ikkje løyve til Roussevagge kraftverk
NVE avslår søknaden frå Nord-Salten Kraft AS om løyve til å byggje Roussevagge kraftverk i Ruosvágjåkhå i Tysfjord kommune i Nordland
-
Konsesjonskraftprisen for 2017
Konsesjonskraftprisen for 2017 er fastsatt til 11,48 øre per kilowattime (kWh). Dette er en liten økning fra prisen for 2016, som er 11,42 øre/kWh. Prisen gjelder for hele leveringsåret 2017.
-
NVE tilrår løyve til eksisterande Trælandsfos kraftverk i Kvinesdal
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Trælandsfos as løyve til å drive Trælandsfos kraftstasjon vidare med moderne vilkår. Kraftverket ligg i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.
-
Eitt løyve og eitt avslag til småkraftverk i Eidfjord kommune i Hordaland
NVE gjev løyve til Drøllstølsbekken kraftverk i Sysendalen, medan søknad om Isdøla kraftverk i same dalføre vert avslått.
-
NVE gjev løyve til å bygge Graffer kraftverk i Lom
NVE gjev løyve til å bygge Graffer kraftverk i Lom kommune i Oppland. Småkraftverket vil produsere om lag 8,7 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 435 husstandar.
-
Eit løyve og eit avslag til småkraftverk i Nissedal kommune i Telemark
NVE gjev løyve til Støyldalen kraftverk i Håtveitåi, medan søknad om Klovefoss kraftverk i same vassdrag vert avslått.
-
NVE gjev løyve til å bygge Tveiteråni kraftverk i Bykle
NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Tveiteråni kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 4,1 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 200 husstandar.
-
Tre løyve og to avslag til småkraftverk i Oppland
NVE gjev løyve til Ala, Føssaberge og Rysna kraftverk . Gipa og Sundheimselvi kraftverk får avslag.
-
Folkemøte om utviding av Ustekveikja kraftverk
NVE arrangerer offentleg møte om Ustekveikja Kraftverk DA sine planar for utviding av Ustekveikja kraftverk ved auka regulering av Tungevatnet i Hol kommune i Buskerud.
-
Løyve til auka slukeevne i Harstveitbekken kraftverk
NVE gjev Harstveitbekken kraft AS løyve til å overføre Skrebekk til Harstveitbekken kraftverk og auke slukeevna og installert effekt i Harstveitbekken kraftverk i Åmli kommune i Aust-Agder. NVE gjev ikkje løyve til regulering av inntaksmagasinet.
-
Folkemøte om ny kraftleidning mellom Kjønnagard og Myrkdalen
NVE arrangerer offentleg møte om planane for ein ny kraftleidning frå Kjønnagard til Myrkdalen i Voss kommune. Møtet finn stad på Myrkdalen Hotel onsdag 30. november kl. 19.00.
-
Tilrår eitt ja og eitt nei til vasskraftsøknadar i Hordaland
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til Voss Energi AS sin søknad om overføring av Svartavatn og Krokatjørna til Torfinnsvatn i Voss kommune. NVE rår samstundes OED til å avslå søknad om løyve til Møyåni kraftverk frå Nordkraft Prosjekt AS.
-
Løyve til Gjuvåa kraftverk i Hjartdal
NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å bygge Gjuvåa kraftverk i Hjartdal kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 14,1 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 700 husstandar. NVE har også gjeve løyve til linjetilknyting fram til eksisterande nett.
-
Tilrår løyve til planendring for Mork kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Mork Kraftverk AS løyve til å foreta planendring for Mork kraftverk i Erdalselvi i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.
-
Løyve til ny 66 kV leidning Bogna–Steinkjer
NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje ein 37 km 66 kV kraftleidning med kompositt- eller tremastarmastar mellom Bogna og Steinkjer. Leidningen ligg i kommunane Steinkjer og Snåsa i Nord-Trøndelag fylke.
-
Løyve til Veringsåe kraftverk i Bykle
NVE gjev Veringsåe Kraft AS løyve til å bygge Veringsåe kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 5,4 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 270 husstandar.
-
Samlet plan for vassdrag er avviklet
Etter Stortingets behandling av energimeldingen «Kraft til endring» i 2016, er Samlet plan for vassdrag avviklet som forvaltningsverktøy. Dette vil spare myndigheter og utbyggere for én administrativ prosess i behandlingen av søknader om bygging av vannkraftprosjekter over en viss størrelse.
-
Avslag for Bjørnåa kraftverk
NVE gjev ikkje Småkraft AS løyve til å bygge Bjørnåa kraftverk i Bindal kommune i Nordland, grunna negative konsekvensar for landskap, reindrift og biologisk mangfald.
-
Folkemøte om konsesjonssøknad til Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune, Hordaland
NVE arrangerer folkemøte om Løkjelsvatn kraftverk.
-
Ja til å flytte og bygge om kraftledninger mellom Kambo og Moss
NVE har gitt Hafslund Nett konsesjon til å flytte og bygge om eksisterende kraftledninger mellom Kambo, Moss og Mosseporten transformatorstasjoner. Ledningene mellom Kambo og Tigerplassen, og ledningen som i dag går øst for Mosseporten senter, skal rives når de nye ledningene er satt i drift
-
Tillatelse til kabel i tunell mellom Smestad og Sogn i Oslo
NVE gir Statnett SF anleggskonsesjon til å bygge og drive en ny, dobbel 420 kV kabelforbindelse i tunell mellom transformatorstasjonene Smestad og Sogn i Oslo, samt til å etablere et 420 kV-anlegg i ny fjellhall i Smestad transformatorstasjon.
-
Ikkje løyve til Svorte kraftverk
NVE avslår søknad frå Svorte kraftverk AS om løyve til å byggje Svorte kraftverk i Svorte i Hjartdal kommune i Telemark.
-
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til to kraftverk i Oppland
Tilrådinga gjeld Skagerak Energi, Vinda kraftverk og Valdres Energiverk, Storefoss kraftverk. Begge i Øystre Slidre kommune.
-
Folkemøter om ombygging av Jærnettet
NVE arrangerer offentlege møter om Lyse Elnett sine planar for ombygging av regionalnettet (Jærnettet) mellom Opstad og Vagle transformatorstasjonar i kommunane Sandnes, Time, Klepp og Hå i Rogaland.
-
Tilrår ikkje løyve til Breim kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje Breim Kraft AS løyve til å til å bygge Breim kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. NVE legg særlig vekt på moglege konsekvensar for storaurebestanden.