Publisert 21.12.2016

Ikkje løyve til Roussevagge kraftverk

NVE avslår søknaden frå Nord-Salten Kraft AS om løyve til å byggje Roussevagge kraftverk i Ruosvágjåkhå i Tysfjord kommune i Nordland

Roussevagge kraftverk ville hatt ein årleg kraftproduksjon på om lag 8 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 400 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt stor vekt på at ei utbygging vil føre til redusert vassføring i fossen i Ruosvágjåkhå og at dette vel gje negative konsekvensar for landskap. Ulempene for friluftsliv og reindrift er også tillagt noko vekt.

Les meir om Roussevagge kraftverk her.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Overingeniør Brit T. Haugen tlf. 22 95 90 89