Betre oversikt over skredfare i kommunane Seljord og Vinje
Kommunane Seljord og Vinje i Telemark får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at tre bygg i Seljord ligg innanfor 100-års faresona, og fleire bygg i begge kommunar er innafor 1000-års faresona.
Karta blir overlevert til Seljord kommune 4. mai, mens overlevering for Vinje kommune er den 19. juni.
– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunane eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Anne Cathrine Sverdrup.
Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. I Seljord er det utarbeidd faresonekart for områda Bøle-Åkre, Flatdal, Århus, Seljord sentrum og Kivledalen, Grimås, Fjorstuft og Brekkegrenda. Områda som er kartlagt i Vinje er Grungedal, Straumstøyl, Tveitegrend, Edland, Arabygdi, Vå, Killingtveit, Dalen, Aksvik og Raulandsgrend. I dei fleste kartlagte områda er det steinsprang som er den mest utbredte utfordringa.
Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.
Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.
Faresonene for Seljord kommune finn du her.
Faresonene for Vinje kommune finn du her.