Betre oversyn over skredfare i Giske kommune
Giske kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare. Faresonekarta syner at 24 bustadar ligg innafor 1000-års faresona for skred i dei kartlagde områda. NVE overleverte karta tysdag 5. april 2016.
Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred, og dekker områda Synes, Alnes, Juv, Valkvæ, Valdervoll og Øvre Valderhaugstrand, og Skaret-Øvre Nordstranda.
– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Giske. Vi ser at steinsprang er den skredtypen som i dei fleste tilfella utgjer ein fare for busetnaden. I nokre område er det snøskred, flaum- og jordskred som kan råke hus, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.
Karta er enkle i bruk. Ei felles faresone er teikna for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å halda seg til éi faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.
– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.
Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, feltsynfaringar og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta dei i eigne verkty saman med andre kartdata.
– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Giske. Vi ser at steinsprang er den skredtypen som i dei fleste tilfella utgjer ein fare for busetnaden. I nokre område er det snøskred, flaum- og jordskred som kan råke hus, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE