Publisert 07.03.2016 , sist oppdatert 08.03.2016

Betre oversyn over skredfare i Lærdal kommune

Lærdal kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare. Faresonekarta syner at steinsprang er den skredtypen som i dei fleste tilfella utgjer fare for busetnaden. I nokre område er det flaumskred, sørpeskred og snøskred som kan råke hus.

Faresonekart Lærdal

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred, og dekker områda Erdal, Ofta vest, Ofta-Tønjum-Ljøsne, Borgund, Øvre Kvamme, Hegg, Borlaug, Vindedalen, Lærdalsøyri, Bjørkum, Husum og Nese.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Lærdal. Vi ser mellom anna at det ligg bustadar innafor 100-års faresona i fleire område, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE. Han overleverte karta til Lærdal kommune måndag 7.mars.

Karta er enkle i bruk. Ei felles faresone er teikna for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å halda seg til éi faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, feltsynfaringar og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapporten kan du sjå her.

Faresonekarta kan du sjå i NVEs kartkatalog.

 

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, regionsjef,
mobil: 907 48 238

Jaran Wasrud, overingeniør/geolog,
mobil: 959 73 297

Toralf Otnes, senioringeniør/arealplan,
tlf: 22 95 95 27

Farekart i andre kommuner