NVE har kartlagt risiko for kvikkleireskred i kommunane Molde og Rauma i Møre og Romsdal
Risiko for store kvikkleireskred er kartlagt for kommunane Molde og Rauma i Møre og Romsdal fylke. Det er kartlagt tre soner med potensiell skredfare og tilhøyrande utløpsområde i Molde kommune, og tilsvarande 21 soner i Rauma kommune. I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred av kvikkleire i dei to kommunane.
- Rapportane vil vere til stor nytte i arealplanarbeidet og gi eit godt grunnlag for å redusere faren for områdeskred i dei kartlagde kommunane, seier regionsjef i NVE Region Vest, Siss-May Edvardsen.
Grunnlaget for kvikkleiresonene er kart- og terrenganalysar, synfaringar i felt og grunnundersøkingar. Karta er produsert i digital form og inngår i det offentlege kartgrunnlaget (DOK), slik at kommunane og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med anna kartdata. Dessutan er det laga ei eiga kartløysing for «aktsemdskart for områdeskred» for kommunane.
Vi gjer merksam på at oversiktskartlegginga ikkje er ei utfyllande kartlegging for alle område der kvikkleire vert påvist, og at kartlegginga har hatt fokus på eksisterande busetnad og moglege kjelder for erosjon. I område under marin grense (tidlegare havnivå) kan kvikkleire vere til stades utanom dei kartlagde faresonene, i større område eller i avgrensa lommer.