Raudt farenivå for Veslemannen
Grunna høge hastigheitar på rørslene i fjellet og varsel om mykje nedbør hevar NVE farenivået frå oransje til raudt for Veslemannen.
- Vi måler at rørslene i fjellpartiet er store og har auka sjølv ved små nedbørsmengder. Døgnhastigheitene er opptil 4 cm/døgn i øvre del av det aktive partiet og litt under 1 cm i nedre del av det aktive partiet. Meteorologisk institutt har meldt ein del nedbør fram til midnatt, og dette skal auke på ut over natta. På bakgrunn av dette set vi opp farenivået til raudt, seier NVEs vakthavande geolog, Ingrid Skrede.
Veslemannen er eit relativt lite, men svært aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Veslemannen har eit volum på 120 000 - 180 000 m3 , det vil seie rundt ein prosent av det totale volumet av Mannen.
Veslemannen, har forskyvd seg meir enn 2 meter det siste året og den nedre delen har bevegd seg 20 centimeter.
Dagsrapportar for bevegelsane blir publisert her
Neste rapport kjem rundt kl 10 i morgon.