Omfattande tilsynsverksemd i 2015
NVE utførte i 2015 til saman rundt 630 revisjonar og inspeksjonar innanfor vassdrags- og energilovgjevinga og anna energirelatert regelverk. I tillegg kjem skriftleg tilsyn. Tilsynsverksemda skal sikre at viktige norske samfunnsverdiar vert ivaretekne.
- Etter at NVE i 2015 utførte 104 revisjonar, 528 inspeksjonar og gjennomgjekk tallause innrapporterte data, ser vi at kontroll og annan oppfølging med etterfølgande reaksjonsbruk er heilt naudsynt. Både for å sikre at ein når målsetjingane med regelverket, og at krav i regelverk og vedtak vert følgd, seier avdelingsdirektør for tilsyn og beredskap i NVE, Ingunn Åsgard Bendiksen.
Tilsyn har effekt
NVE kontrollerte 20 fagområde i 2015. Fleire av områda skal sikre at viktige norske samfunnsverdiar vert ivaretekne. Dette gjeld for eksempel forsyningssikkerheit og at energimarknaden fungerer, at omsyna til sikkerheit, miljø og landskap vert ivaretekne ved bygging og drift av vassdrags- og energianlegg, og at dei mange krava frå EU knytt til energisektoren vert etterlevd. Det kan føre til betydeleg skade dersom
krava som er sett ikkje blir følgt.
- Vi ser at NVEs tilsyn har effekt. Dette er særskilt tydelig der avvik vert følgt opp med reaksjonar, til dømes tvangsmulkt. Medan tvangsmulkt vart varsla i 270 saker i 2015 , vart det berre gjort vedtak i 93 av dei. Dette syner at verksemder ser det formålstenleg å gjere korrigeringar når NVE har varsla ein reaksjon. NVE meiner slike einskilde reaksjonar også kan ha ein preventiv effekt. Spesielt gjeld dette i saker der reaksjonen har eit økonomisk element i seg, seier Bendiksen.
Ho understrekar vidare at kontrollane NVE utfører må sjåast i samanheng med dei andre måtane NVE følgjer bransjen på. Til dømes godkjenner NVE detaljerte planar for all nybygging og ombygging av vassdragsanlegg og energianlegg, medrekna kraftliner, for å sikre at i krava som er sett i konsesjonen vert etterlevd.
Omfang og metode
NVEs tilsynsverksemd er omfattande og rettar seg mot konsesjonærar, dameigarar, nettselskap og kommunar. Kvart år vel NVE ut tilsynsobjekt og kontrolltema basert på mellom anna risiko, erfaringar og hendingar. Utvalet blir gjort slik at føretak av ulik storleik og type er representert.
Dei viktigaste kontrollmetodane nytta er revisjon og inspeksjon. I tillegg vert det til dømes nytta laboratorietesting av kvitevarer, kartlegging ved hjelp av spørjeundersøkingar, skriftlege kontrollar, gjennomgang av aktørane sine nettsider eller gjennomgang av innhenta eller innrapportert dokumentasjon frå aktørane.
Last ned Årsrapport for tilsyn 2015 her.