Kraftsituasjonen veke 1 2017
Auke i kraftprisane.
Kjølegare vêr bidrog til at kraftforbruket gjekk kraftig opp i årets første veke, etter å ha vore lågt veka før grunna mildt vêr og ferieavvikling. Vindkraftproduksjonen gjekk òg ned samanlikna med romjulsveka, som var uvanleg vindrik. Endringane i forbruk og vindkraft medverka til prisoppgang i alle dei nordiske prisområdane i førre veke.