Kraftsituasjonen veke 11 2017
Mild og vindfull veke.
Mildare vêr bidrog til at kraftforbruket gjekk ned i alle dei nordiske landa sist veke. Samstundes var vindkraftproduksjonen høg, noko som til saman resulterte i eit kraftig prisfall i den nordiske kraftmarknaden.
Lågare forbruk og rikeleg tilgang på billig vindkraftproduksjon bidrog dermed til at norske kraftprodusentar haldt igjen sin produksjon, medan Noreg vart nettoimportør av kraft gjennom veka.