Kraftsituasjonen veke 12 2017
Framleis norsk nettoimport.
I veke 12 var det ein noko lågare produksjon frå vindkraft og kjernekraft. Høgare temperaturar bidrog til at forbruket i Norden gjekk ned. Resultatet var ein oppgang i norsk vasskraftproduksjon. Trass i dette hadde Noreg framleis nettoimport av kraft.
Varsel om våtare og mildare vêr gav ein markant nedgang i terminprisane på kraft i Norden. Nedgang i brenselsprisar bidrog også til marknadens forventingar om kraftpris neste halvår gjekk ned.