Kraftsituasjonen veke 13 2017
Nedgang i nordisk vindkraft.
Den nordiske vindkraftproduksjonen vart nærast halvert samanlikna med veke 12. Produksjonsnedgangen bidrog til ein liten oppgang i kraftprisen i Sverige og Danmark. Låg vindkraftproduksjon og høgt tilsig bidrog til ein oppgang i norsk kraftproduksjonen og –eksport.
Revisjons- og vedlikehaldsarbeid bidrog til redusert overføringskapasitet i det nordiske kraftnettet sist veke. Eksportkapasiteten ut av Nord-Noreg er redusert, noko som har bidrege til lågare kraftprisar i dette området.