Kraftsituasjonen veke 15 2017
Kald påskeferie og norsk nettoimport.
Trass ein nedgang i temperaturane i heile landet, medverka påskeferien til at det norske forbruket låg på same nivå som veka før.
Produksjonen frå norske vasskraftverk gjekk derimot ned, og bidrog til at Noreg gjekk frå nettoeksport i veke 14 til nettoimport i veke 15. Mesteparten av importen kom frå Danmark, der vindkraftproduksjonen auka i førre veke.