Publisert 26.04.2017

Kraftsituasjonen veke 16 2017

Magasinfyllinga i Noreg og Sverige tilbake til normal.

Forbruket i Noreg tok seg opp att i veke 16 samanlikna med påskeferien veka før. Dette medverka til høgare produksjon og høgare prisar i dei norske elspotområda.

Magasinfyllingen i Noreg var nær normal i utgangen av veke 16, og det er små geografiske variasjonar mellom dei norske områda. Også i Sverige er magasinfylling om lag normal, etter å ha ligge under medianen i nesten eit år.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen
tlf: 22 95 94 42