Kraftsituasjonen veke 19, 2020
Kraftprisane steig i veka som gjekk, men er enda låge for årstida
Kraftprisen fekk ein auking frå veka før i Sør-Noreg, medan aukinga i Nord- og Midt-Noreg vart noko lågare. Trass auka ligg kraftprisen godt under normalen for årstida, og rundt 80% lågare inn same veke i 2019.
Redusert vindkraftproduksjon i Noreg og kjernekraftproduksjon i Sverige bidrog til redusert produksjon i Norden totalt i veka som gjekk. Med ein tilsvarande reduksjon i nordisk forbruk heldt nordisk eksport seg stabil.