Kraftsituasjonen veke 2 2017
Vêrskifte gav lågare kraftprisar.
Høgare temperaturar gjorde at norsk kraftproduksjon og -forbruk gjekk ned i førre veke. I tillegg var det høg nordisk vindkraftproduksjon, noko som medverka til at Noreg hadde nettoimport av kraft frå Danmark.
Vêrskiftet bidrog også til at kraftprisane gjekk ned i alle dei nordiske elspotområda.