Publisert 24.07.2024

Kraftsituasjonen veke 29, 2024

Lågare forbruk og stabile kraftprisar

Det nordiske kraftforbruket minka vidare i ei veke med varmt vêr. I Noreg gjekk kraftproduksjonen ned, særleg for vasskraftverk med magasin. Produksjonen minka også i Finland. I Sverige auka produksjonen grunna produksjon frå vasskraftverk og meir tilgjengeleg kjernekraftkapasitet. Dette bidrog til at produksjonen for Norden samla heldt seg på nivå med veka før. Frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka nettoeksporten, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka nettoimporten. Desse endringane var om lag like store, slik at den samla nettoeksporten frå Noreg heldt seg uendra. Kraftprisane for veka heldt seg på nivå med veka før og vart 26 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg, 30 øre/kWh i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) og 40 øre/kWh i Sørvest-Noreg (NO2).

Kraftproduksjonen i Nord-Noreg (NO4) vart 227 GWh for veka. Dette er den lågaste vekesproduksjonen som er registrert for området sidan før 2011. Nedgangen i produksjon vart dekt med auka import frå Nord-Sverige (SE1 og SE2), der kraftprisane var lågare, og Midt-Noreg (NO3).

NB: Det er manglar i datagrunnlaget for Danmark 18.-19. juli og Finland 12.-13. juli. Somme tabellar og figurar i rapporten er påverka av manglane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no