Kraftsituasjonen veke 3, 2020
Kraftprisane i Norden fortsette å falle
I starten av 2020 har det vore relativt høge temperaturar for årstida, samt mykje vind i Norden og Tyskland. Dette har bidratt til låge kraftprisar, som fortsette å falle i veka som gjekk. Prisane i veke 3 var under halvparten av prisane for same veke i fjor. Med vedvarande milde og våte vêrvarslingar ser vi same trend for dei nordiske og tyske terminprisane, som også fall ytterlegare.