Kraftsituasjonen veke 30 2017
Lågare etterspurnad etter nordisk kraft
I førre veke auka sol-, vind- og kjernekraftproduksjonen i Tyskland. Det medverka til nedgang i kraftprisen på kontinentet og lågare etterspurnad etter nordisk kraft. Samstundes vart det ein nedgang i nordisk vindkraftproduksjon til det lågaste nivået til no i år. I tillegg vart det ein feil på kabelen frå Sverige til Litauen. Dette medverka til lågare nettoeksport frå Noreg og Norden.