Kraftsituasjonen veke 31 2018
Vassmagasina i Noreg fyllast.
For fyrste gang på fem veker auka vassmagasinfyllinga i Noreg, grunna meir regn enn normalt.
Det var lav vindkraftproduksjon i Danmark, og som følgje av høge temperaturar i sjøvatnet til nedkjøling av reaktorane, reduserte Sverige sin kjernekraftproduksjon førre veke. Dette bidrog til at Norden hadde nettoimport av kraft for sjette veke på rad.
Kraftprisen i Noreg og Norden er framleis høg. Den gjennomsnittlege prisen for nordisk kraft for juli var 49 øre/kWh, som er det høgaste nokon gang for juli månad.