Kraftsituasjonen veke 31 2019
Norske kraftprisar lågast i Norden: For veke 31 låg dei norske områdeprisane mellom 38,6 – 38,7 øre/kWh, ein auke på seks prosent samanlikna med veka før. Auken har samanheng med lågare kraftproduksjon i Sverige og Danmark. Trass auken har Noreg dei lågaste prisane i Norden.
Noreg hadde førre veke den høgaste vekeeksport for 2019, med ein nettoeksport på 445 GWh. Dette heng blant anna saman med auke i norsk kraftproduksjon og nemnte reduksjon i Svensk og Dansk kraftproduksjon.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2019 her. (PDF)