Kraftsituasjonen veke 32 2017
Auka norsk vasskraftproduksjon.
Høgare kraftetterspurnad og lågare vindkraftproduksjon bidrog til redusert nettoeksport og auka prisnivå i Norden sist veke.
Det våte vêret bidrog til gode produksjonshøve i Noreg og norsk kraftproduksjon gjekk opp med 7 prosent samanlikna med veka før. Dei norske kraftprisane hald seg dermed stabile frå veke 31 til veke 32.