Kraftsituasjonen veke 38 2018
Ny nordisk vindkraftrekord.
Stormen Knud gav ny nordisk vindkraftrekord i førre veke. Aldri før har Norden produsert meir kraft basert på vind, verken gjennom veka eller i ein enkelttime. Vindkraftproduksjonen sto for ein femtedel av samla nordisk produksjon i veke 38.
Nok ei nedbørsrik veke gav ei auke i magasinfylling på 4 prosentpoeng andre veke i rad. Dette bidrog til at Norden var nettoeksportør av kraft i veke 38.
Saman gav mykje regn og vind i veke 38 den lågaste nordiske vekeprisen sidan mai. Haustvêret senker kraftprisane i Norden, både på kort og lang sikt.