Kraftsituasjonen veke 4, 2020
Rekordhøg nettoeksport ut av Norden
Norden fortsett å vere nettoeksportør av kraft og i førre veke var det rekordhøg nettoeksport ut av Norden. Førebels tal viser at Norden eksporterte over 600 GWh i veke 4. Dette er den høgaste nettoeksporten nokon gong målt over ei veke. Hittil i år har Norden eksportert om lag 2 TWh.
Prisane i Noreg blei ytterlegare redusert i veke 4. Områdeprisane låg mellom 20,3 og 20,8 øre/kWh i førre veke, en reduksjon på om lag 14 prosent frå veka før.