Kraftsituasjonen veke 40 2017
Mykje vind gav lågare kraftprisar i heile Norde.
I veke 40 var det svært høg vindkraftproduksjon i Norden og Nord-Europa. I Tyskland vart vindkraftproduksjonen meir enn tredobla samanlikna med veka før. Dette medverka til lågare kraftprisar i heile Norden, trass kaldare vêr og høgare kraftetterspurnad.
I Sør-Noreg (NO2) førte flaum til at vasskraftprodusentar måtte sende vatn forbi vasskraftkraftverka. Dette medverka til lågare prisar i Sør-Noreg enn resten av landet, og i enkelte timar var kraftprisane ned mot 3 øre/kWh.